An application made for this job — a tailored resume and cover letter that speak straight to the posting.
Øystre Slidre kommune søkjer helgestillingar ved Øystre Slidre helsetun. Stillingane varierer mellom 14% og 21% og inneber arbeid i helseinstitusjon, heimebundet teneste og omsorgsbustader.
Vi søker personar som er positive, sjølvstendige og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Søkjarar med fagbrev eller relevant utdanning vert oppmoda til å søke; politiattest krevst ved tilsetjing.
Stillingstittel Helgestillingar på Øystre Slidre helsetun
Vi held til i nye og moderne lokale, der institusjon, omsorgsbustader og heimeteneste held til i same bygg. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde. Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre. No har vi ledig fleire helgestillingar, både på kortids- og langtidsavdeling, på avdeling for personar med demens, i heimetenesta og i omsorgsbustader. Stillingane varierer mellom 14% og 21%. Vi ser fram til å høyre frå deg! Skriv gjerne kva for avdeling du ønskjer å jobbe på og kor stor stilling du kan tenkje deg. Tilsetjing vil skje fortløpande.
Vil du vere ein del av laget vårt?

Ingrid Nordli,Tenesteleiar institusjonstenester,+47 95940309
Bygdinvegen 1989
2940HEGGENES
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune
Referansenr.: 5168943193
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2026
Tenesteleiar institusjonstenester
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir påvaldres.no .