Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Øystre Slidre kommune søkjer nattevakt ved Helsetunet i Øystre Slidre kommune frå 01.12.2026. 51,29% stilling med turnus og nødvendig opplæring. Arbeidsstad ligg i Bygdinvegen 1989, 2940 HEGGENES, og søknadsfrist er 11.10.2026.
Arbeidsoppgåver inkluderer helsehjelp, kvardagsmestring, dokumentasjon og samarbeid med andre yrkesgrupper innan helse og omsorg. Krav: fagbrev, autorisasjon, norskkunnskapar, B-sertifikat og politiattest. Dette er ein fast stilling.
Det er ledig 51,29% stilling som nattevakt ved Helsetunet i Øystre Slidre kommune frå 01.12.2026.Søkjarar kan òg bli vurderte for andre stillingar som vert ledige.
Vil du vere ein del av laget vårt?
Vi held til i nye og moderne lokale, der institusjon, omsorgsbustader og heimeteneste held til i same bygg. Lokala ligg sentralt til på Heggenes, med flott utsikt over Heggefjorden og mot Jotunheimen. Vi ønskjer å vere ein naturleg del av nærmiljøet, og det er mange aktivitetar på Helsetunet. Velferdsteknologi er eit satsingsområde. Vi jobbar kvar dag for å gje gode tenester til alle brukarane våre.
Ingrid Nordli,Tenesteleiar institusjonstenester,+47 95940309
Bygdinvegen 1989
2940HEGGENES
Tenesteleiar institusjonstenester
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no .