Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Gloppen kommune i Sandane søkjer helgestillingar i Miljøarbeidartenesta, avdeling 3 (Kvitveisen og Åsateigen). Arbeidet omfattar pleie og omsorg, helseoppfølging, tilrettelegging i kvardagen og miljøarbeid for personar med omfattande bistandsbehov.
Du får grundig opplæring og rettleiing, eit godt arbeidsmiljø og moglegheit for fagleg og personleg utvikling. Krav: helse- og sosialfagleg kompetanse eller vilje til å arbeide med målgruppa; god norsk i tale og skrift.
Likar du å arbeide med menneske, og har høve til å ta på deg fast arbeid på helg? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Miljøarbeidartenesta, avdeling 3 (Kvitveisen og Åsateigen) har ledige helgsestillingar med gjennomsnittleg arbeid kvar 4 helg (fredag kveld, og langvakt 12,5-14 timar lørdag og søndag).
Miljøarbeidartenesta yter tenester til personar med utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Hos oss blir du del av eit tverrfagleg fagmiljø der vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, fagarbeidarar og assistentar arbeider saman for å tilby tenester av høg fagleg kvalitet.
Arbeidet i desse avdelingane er retta mot personar med omfattande bistandsbehov, og arbeidet omfattar mellom anna pleie- og omsorgsoppgåver, helseoppfølging, tilrettelegging i kvardagen og miljøarbeid. Avdelingane har både avlasting til barn og oppfølging av vaksne i eigen heim.Du får nødvendig opplæring og rettleiing, både på arbeidsplassen og gjennom kurs, slik at du blir trygg i rolla di. Hos oss blir du ein del av eit godt arbeidsmiljø med kjekke kollegaer og moglegheit for både fagleg og personleg utvikling.
Har du spørsmål til stillinga? Ta gjerne kontakt for ein prat.
Tilredning etter avtale.
eller
Personleg eignaheit til arbeidet vil bli vektlagt i stor grad. Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding. Prøvetid 6 mnd.
Grandavegen
6823Sandane
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 5079660544
Stillingsprosent: 23%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026