A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Sveio omsorgssenter i Sveio kommune søkjer etter ny kollega i ei fast helgestilling på ca 17% med arbeid kvar tredje helg.
Ein kommune som driv etter LEAN/KF-prinsipp, og der PLO er inne i ei prosess for å gjere morgondagens helse- og omsorgstenester betre for brukarane.
Vi søkjer etter ny kollega til Sveio omsorgssenter.
Stillinga er ei fast helgestilling på ca 17 prosent, med arbeid kvar tredje helg.
Me er ein kommune som driv etter LEAN/KF-prinsipp, kor me jobbar for å bli litt betre kvar
dag. PLO er no inne i ein prosess der me ser på korleis me som kommune kan gjere
morgondagens helse- og omsorgstenester betre for dei som mottar tenester.
Omsorgssenteret er prega av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt
humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til
brukarane våre. Dei siste åra er fleire av sjukehusets oppgåver blitt overført til kommunen.
Dette resulterer i ein spennande arbeidskvardag, fylt med prosedyrar og utfordringar.
Me tek godt imot nytilsette, og du skal få ei god opplæring. Er du nyutdanna, legg me til rette
for ein god oppstart. Me er opptatt av at du trivst og kjenner deg trygg i eininga.
Sveio omsorgssenter har tre avdelingar med til saman 41 plassar:
Ved alle avdelingane er det per dags dato langtidsplassar.
Helgestillinga passer godt for deg som ønskjer ein fast og føreseieleg arbeidsrytme ved
sida av studiar eller anna arbeid.
Sjå gjerne på Instagramkontoen vår, #SveioOmsorgsenter, med flotte bilete av kvardagen
hjå oss.
Avdelingsleiar administrasjon pleie og omsorg
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.