Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Sveio omsorgssenter i Sveio kommune søkjer ei nattestilling som helsefagarbeidar i 50 % fast stilling. Vi har eit godt arbeidsmiljø, fokus på fagleg utvikling, og ein organisasjon som arbeider etter LEAN/KF-prinsipp. Nye tilsette får god opplæring og oppfølging i eit lagd miljø.
Arbeidet krev samarbeid, fagleg engasjement og vilje til å bidra til trygge og gode brukarforhold. Avdelingane tilbyr varierte oppgåver og godt tilbod til bebuarar og pårørande.
Vi søkjer ein ny kollega til Sveio omsorgssenter i 50 % fast stilling på natt som helsefagarbeidar.
Vi søkjer ein ny kollega til Sveio omsorgssenter i 50 % fast stilling på natt som helsefagarbeidar.
Vi er ein kommune som arbeider etter LEAN/KF-prinsipp, og vi jobbar for å bli litt betre kvar dag. PLO er no i ein prosess der vi ser på korleis vi som kommune kan gjere morgondagens helse- og omsorgstenester betre for dei som mottar tenester. Omsorgssenteret er prega av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Vi er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til brukarane våre.
Dei siste åra har fleire av oppgåvene til sjukehuset blitt overførte til kommunen. Dette gir ein spennande arbeidskvardag med prosedyrar og utfordringar. På natt har vi eit felles team som tener både Sveio omsorgssenter og heimetenesta i kommunen.
Vi tek godt imot nytilsette, og du får god opplæring. Er du nyutdanna, legg vi til rette for ein god start. Vi er opptekne av at du trivst og kjenner deg trygg i eininga.
Sveio omsorgssenter har tre avdelingar med til saman 41 plassar:
Alle avdelingane har i dag langtidsplassar.
Sjå gjerne på Instagram-kontoen vår, #SveioOmsorgssenter, med flotte bilete frå kvardagen hos oss.
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Avdelingsleiar administrasjon, Pleie og omsorg