A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Sveio kommune søker ein ny kollega til Heimetenesta i Sveio kommune, fast helgestilling på 19,72 prosent. Arbeidsdagen inneheld kvar fjerde helg og langvakter på 14 timar laurdag og søndag, med base ved sjukeheimen i Sveio.
Avdelingsleiar administrasjon pleie og omsorg skriv ut at eininga har godt arbeidsmiljø, fagleg fokus og samarbeid, og tilbyr solid opplæring, ei trygg og føreseieleg arbeidssituasjon, samt moglegheiter for utvikling og deltaking i nytilsette og elevar.
Vi søkjer ein ny kollega til Heimetenesta i Sveio kommune, fast helgestilling på 19,72 prosent.
Du arbeider kvar fjerde helg, med langvakter på 14 timar laurdag og søndag.
Heimetenesta har base på sjukeheimen i Sveio og server innbyggjarane frå Tittelsnes i nord
til Vikse i sør. Basen ligg om lag 17 minutt frå Haugesund og 25 minutt frå Stord.
Eininga er kjent for eit godt arbeidsmiljø, velfungerande samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er
ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til brukarane våre gjennom personsentrert omsorg.
Du skal få ei god opplæring, og me tek godt imot nytilsette.
Helgestillinga passer utmerket for deg som ønskjer ein fast og føreseieleg arbeidsrytme ved
sida av studiar eller anna arbeid. Me er opptatt av at du trivst og kjenner deg trygg i
avdelinga.
Avdelingsleiar administrasjon pleie og omsorg
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.