Don’t send a generic resume — generate a resume and cover letter tailored to this exact role.
Hardanger og Voss museum søker ei utviklingsorientert stabsleiar som får ei sentral rolle i administrasjonen ved våre nye lokale i Norheimsund. Rollen inkluderer overordna ansvar for økonomi, personal og organisasjonsutvikling, og du vil arbeide tett med direktør og avdelingsleiarar.
Vi søker ein trygg leiar som kan tenkje heilskapleg om organisasjonen, og som har erfaring frå kulturarv eller museumsfelt. Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår og eit stort fagmiljø med mogelegheiter for utvikling
Stabsleiar
Museer og historiske bygninger
Har du lyst til å bli med å utvikle ein mangfaldig og engasjert kultur- og kunnskapsinstitusjon?
Hardanger og Voss museum tek vare på, formidlar og utviklar ny kunnskap om kulturarv og kunst i regionen. Gjennom museum, møteplassar og opplevingar er vi ein viktig samfunnsaktør og demokratisk arena for refleksjon, deltaking og fellesskap.
No søkjer vi ein utviklingsorientert stabsleiar som vil vere med på å styrkje organisasjonen vår videre. Dette er ei nøkkelrolle i organisasjonen, og passer for deg som trivst i skjeringspunktet mellom strategi og drift, mellom samfunnsoppdrag og daglege avgjerder. Og som ønskjer å bidra til gode rammer for eit stort og mangfaldig fagmiljø.
Som stabsleiar får du ei sentral rolle i administrasjonen med overordna ansvar for økonomi, personal og organisasjonsutvikling. Du arbeider tett saman med staben, direktør og avdelingsleiarane, og rapporterer til direktør.
Arbeidsstad for stillinga er ved våre nye og flotte lokale i Norheimsund.
ANSVAR OG ARBEIDSOPPGÅVER
Som vår nye stabsleiar får du det overordna ansvaret for økonomiforvaltning, personalleiing og organisasjonsutvikling. Rolla kombinerer strategisk og operativt arbeid, og inneber stor grad av sjølvstende i korleis du byggjer og vidareutviklar stabsfunksjonen.
Du vil mellom anna ha ansvar for å:
KVALIFIKASJONAR OG PERSONLEGE EIGENSKAPAR
Vi søkjer deg med solid leiarbakgrunn og god økonomiforståing, og som trivst med å tenkje heilskapleg på tvers av avdelingar. Du er ein trygg og samlande leiar som trivst med å utvikle både menneske, organisasjon og arbeidsprosessar. Du motiverast av samfunnsoppdraget vårt og ser verdien av å arbeide i ein kunnskaps- og kulturinstitusjon der målet er samfunnsverdi framfor økonomisk vinning. Har du erfaring frå og/eller interesse for kulturarv og museumsfeltet, så er det ein fordel.
Det er ønskjeleg at du har
Kjenner du deg igjen i det meste av dette, men ikkje alt? Søk likevel, for til sjuande og sist er det personlegdom, evner og engasjement som avgjer.
KVIFOR HARDANGER OG VOSS MUSEUM?
Søknadsfrist: 4. oktober 2026 – me vurderer søknader fortløpande
ØNSKJER DU MEIR INFORMASJON OM STILLINGA?
Tiltreding etter nærare avtale.