Enable job alerts via email!
En kommune i Vestland søker en engasjert fysioterapeut til å drive institutt i Strandebarm. Du vil ha ansvar for å tilby kvalitetsbehandling til pasienter med fokus på eldre, muskel- og skjelettlidelser. Stillingen krever gode samarbeidsevner, kunnskap om gruppetrening og evne til å arbeide selvstendig. Du vil inngå i et tverrfaglig team i et veldrevet senter med gode arbeidsforhold.
Er du ein engasjert fyisoterapeut som vil driva institutt i Strandebarm?
Noverande eigar vert pensjonist 1. mars 2026 og me søkjer etter deg som vil overta. Strandebarm fysioterapi ligg vakkert til i eit kommunalt helsesenter med lege og helsesjukepleiar på Tangerås i Strandebarm, 30 min frå kommunesenteret Norheimsund. Instituttet er veldrive og har god pasienttilgang innan eit breitt felt. Det er gode arbeidsplassforhold og eit godt kollegasamarbeid med andre fysioterapeutar i kommunen. Instituttet har treningssal med MTT og tilbyr både individuell behandling og gruppetrening.
I helse- og omsorgsplanen er det eit overordna mål å skapa framtidsretta, fagleg forsvarlege og likeverdige tenester som sikrar befolkninga eit profesjonelt, tilgjengeleg og effektivt tenestetilbod. Helse- og omsorgstenesta i Kvam skal leggja til rette for at kvar enkelt kan ta ansvar for eiga helse gjennom fysisk aktivitet, sosialt fellesskap og tilrettelegging av eigen livssituasjon. Kvam herad skal nytta «moglegheitsrommet» som ligg i å dreia tenestene mot førebygging og meistring av eige liv.
I vurderinga av kven som vert tildelt heimelen vert det lagt vekt på fagleg kompetanse, erfaring og personlege kvalifikasjonar som t.d. samarbeidsevne, evne til å driva sjølvstendig næringsdrift m.v., jf ASA 4313 pkt. 6.2.
Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.