Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Volda kommune søkjer ein fagleg dyktig fysioterapeut som ynskjer å bruke kunnskap og kompetanse til det beste for kommunen sine innbyggjarar.
Stillinga høyrer til seksjon førebygging og rehabilitering under avdeling helse og forvaltning i helse og omsorgssektoren, og omfattar både korttidsavdelingsre habilitering og kurative helsefremmande oppgåver i eit tverrfagleg miljø.
Vi søkjer etter deg som er ein fagleg dyktig fysioterapeut som ynskjer å bruke kunnskap og kompetanse til det beste for kommunen sine innbyggarar.
Stillinga er knytt til seksjon førebygging og rehabilitering, og er organisert under avdeling helse og forvaltning i helse og omsorgssektoren. I seksjonen finn du fastløna fysioterapeutar, ergoterapeutar, fagutviklingssjukepleiar og avtalefysioterapeutar.
Ein del av stillinga som er utlyst er knytta til rehabiliteringspasientar på korttidsavdelinga, men stillinga vil også innehalde kurative, helsefremmande og førebyggande oppgåver. Vi søker difor etter ein fysioterapeut med brei fagleg kompetanse, spesiell interesse og engasjement innan rehabiliteringsfeltet og som gjerne har erfaring frå og ønske om å drive gruppebehandling.
Kommunen er oppteken av å stå sterkt rusta for å møte både dagens og morgondagens utfordringar. Førebygging, rehabilitering, meistringsfokus og tidleg innsats er sentralt i tenesteutviklinga. Vi ynskjer ein fysioterapeut som vektlegg dette.
Arbeidsoppgåvene er ikkje uttømande og vil kunne endre seg etter behovet i seksjonen og kommunen.
Randi Heltne Alfsvåg,Seksjonsleiar,95253450,randi.heltne.alfsvag@volda.kommune.no
Elin Høydal Vatne,Avdelingsleiar,91 55 59 70,elin.hoydal.vatne@volda.kommune.no
Barstadmarka 2
6102Volda
Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 5175616810
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.09.2026