Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Helse Førde søker fysioterapeut/spesialfysioterapeut til Klinisk fysioterapi og førebygging ved Førde sentralsjukehus.
Fast 100% stilling med oppstart 04.01.2027. Arbeid vil vere rettet mot spesialisert rehabilitering i eit sterkt tverrfagleg team og med ansvar for utdanning av studentar og turnuskandidatar.
Seksjonen Klinisk fysioterapi og førebygging har ledig 100 % fast stilling som fysioterapeut/spesialfysioterapeut.
Om stillinga
Ein av våre dyktige spesialfysioterapeutar går over i ei anna stilling i seksjonen, og vi har derfor behov for å styrke teamet vårt. Arbeidet vil i hovudsak vere retta mot spesialisert rehabilitering, samt arbeidsoppgåver i andre avdelingar ved behov.
Som fysioterapeut vil du vere ein del av eit sterkt tverrfagleg team rundt pasientar som får spesialisert rehabilitering på sjukehuset. Rehabiliteringsavdelinga har åtte sengeplassar.Vi oppmodar også nyutdanna til å søkje.
Om seksjonen
Klinisk fysioterapi og førebygging er organisert i medisinsk klinikk, under avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering. Seksjonen har 23 stillingar og gir tenester til alle somatiske avdelingar ved Førde sentralsjukehus, Nordfjord sjukehus og Lærdal sjukehus.
Vi har eit sterkt fagmiljø med engasjerte medarbeidarar med variert erfaring og kompetanse. Seksjonen har eit tydeleg fokus på fagutvikling, kunnskapsdeling og bruk av nye teknologiske løysingar.
I tillegg til driftsoppgåver og dagleg pasientbehandling er fleire tilsette aktive innan innovasjon, tenesteutvikling og kontinuerleg forbetringsarbeid. Saman arbeider vi for å utvikle moderne, framtidsretta og berekraftige helsetenester til beste for pasientane.
Vi er opptekne av eit godt arbeidsmiljø, der samarbeid, fagleg nysgjerrigheit og trivsel står sentralt.