A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Stord DPS i Helse Fonna HF søkjer psykolog i fast stilling ved allmennteamet på Stord. Du vil arbeide med utgreiing, diagnostikk og behandling av vaksne i eit tverrfagleg miljø, der rettleiing og fagleg utvikling står sentralt.
Vi har eit sterkt fagmiljø og fokus på godt pasienttilbod, med leia om lag i to behandlingsteam og eit intenst samarbeid mellom ulike profesjonar. Søkjar bør vere interessert i utvikling av behandlingstilbod og kvalitet i tenestene.
Vil du bli ein del av eit sterkt fagmiljø med engasjement for utvikling og god pasientbehandling?
Vi har ledig fast stilling som psykolog i allmennteamet ved Stord DPS!
Vil du bli ein del av eit sterkt fagmiljø med engasjement for utvikling og god pasientbehandling?
Vi har ledig fast stilling som psykolog i allmennteamet ved Stord DPS!
Hos oss blir du ein del av eit godt og stabilt fagmiljø, der samarbeid, fagleg utvikling og gode kliniske drøftingar står sentralt. Allmennpoliklinikk for vaksne er organisert i to behandlingsteam med faste teammøte, der vi saman arbeider for gode vurderingar og best mogleg behandling for pasientane våre.
Stord DPS er eitt av tre distriktspsykiatriske senter i Klinikk for psykisk helsevern i Helse Fonna HF. Opptaksområdet vårt omfattar kommunane Stord, Fitjar, Bømlo og Tysnes. Vi er organiserte under felles leiing med døgnpost for vaksne, TSB, FACT og BUP.
Vi er stolte av det gode fagmiljøet vårt, med lokalt forankra helsepersonell og fleire lege- og psykologspesialistar. Samstundes har vi eit sterkt engasjement for fagleg utvikling og vidareutvikling av behandlingstilbodet vårt.
Vi satsar på kvalitet, utvikling og kunnskapsbasert behandling. Mellom anna har vi etablert eit lokalt kvalitetsregister for kvalitetsforbetring og klinikknær forsking, og implementert fleire spesialiserte gruppetilbod – inkludert 4-dagars angstbehandling og OCD-team på klinikknivå.
Vi oppfordrer alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.