A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Fonna søker ein systemansvarleg til den nyoppretta avdelingen Teknologi og dataflyt ved Karmsundgata 120 i Haugesund. Rollen er sentral for forvalting, vidareutvikling og trygg bruk av helsedata med tett samarbeid mellom teknologi, fag og brukarar.
Du må ha relevant høgare utdanning og kunne kommunisere godt på norsk, skriftleg og munnleg. Vi tilbyr ei spanande stilling i ei ny avdeling med store utviklingsmoglegheiter og fleksibel arbeidstid.
Vil du vere med og utvikle korleis teknologi og helsedata blir brukte i morgondagens helseteneste?
Helse Fonna har etablert ei ny og spennande avdeling for Teknologi og dataflyt, og vi søkjer no ein dyktig og engasjert systemansvarleg til eininga IKT og helsedata.
Hos oss får du ei sentral rolle i å sikre at systema våre fungerer godt, blir videreutvikla og støttar behova i ei moderne helseteneste. Du vil arbeide i skjeringspunktet mellom teknologi, fag og menneske – og bidra til at dei tilsette har gode digitale verktøy, og at helsedata kan brukast på ein trygg og effektiv måte.
Ei ny avdeling – med store moglegheiter
Teknologi og dataflyt er ei nyoppretta avdeling med ansvar for viktige område innan teknologi, medisinsk-teknisk utstyr, helsedata og dataflyt.
Eininga IKT og helsedata har eit særleg ansvar for å forvalte og vidareutvikle system og løysingar som handterer helsedata. Vi samarbeider tett med fagmiljøa i Helse Fonna, Helse Vest IKT og andre samarbeidspartnarar i helsetenesta.
Vi er i ein fase der både arbeidsformer, teknologi og organisering er under utvikling. Det betyr at du får høve til å påverke korleis vi arbeider – ikkje berre forvalte det som allereie finst.
Stillingstittelen vil vere konsulent, men som systemansvarleg vil du ha eit heilskapleg ansvar for ett eller fleire system og vere eit viktig bindeledd mellom verksemda, brukarane og teknologimiljøa.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna kunne vere:
Du treng ikkje kunne alt frå før. Det viktigaste er at du har interesse for teknologi, systemforvaltning og korleis digitale løysingar kan skape verdi i helsetenesta.
Du må:
Det er ein fordel om du har:
Vi ser etter deg som likar å ha oversikt, ta ansvar og få ting til å skje. Du trivst med å samarbeide på tvers av fagmiljø og evnar å sjå både heilskapen og dei viktige detaljane.
Vi trur du vil trivast hos oss dersom du:
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Vil du vere med og byggje opp eit fagmiljø og bidra til at teknologi og helsedata blir brukte smartare i Helse Fonna?
Elin Ulsund Hansen,Konstituert funksjonsleiar
Karmsundgata 120
5528HAUGESUND
Konstituert funksjonsleiar
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.