Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Helse Fonna HF i Odda søker ein engasjert sjukepleiar til poliklinikk. Du vil utføre pleieoppgåver, delta i undersøking og behandling og sikre god oppfølging av pasientar. Du vil også arbeide med administrativt arbeid og rettleiing av studentar.
Vi ønskjer 2 års sjukehuserfaring og norsk autorisasjon; sårbehandling er ein fordel. Fast stilling, totalkapasitet 100%, medi nadarbeid og utvikling av avdelinga vert prioritert.
Ønsker du å arbeide på ei framoverlent avdeling?
Hos oss får du ein variert sjukepleiarjobb der du følgjer pasientar gjennom undersøking og behandling – og er med på å utvikle poliklinikken videre.
Her får du ein variert arbeidsdag og kollegaer som samarbeider tett om pasientane. Vi prøver ut digitale løysingar og utviklar arbeidsmåtane våre saman. Det arbeidet er vi stolte av. Avdelinga fekk Arbeidsmiljøprisen i 2024 og Kvalitetsprisen i 2025.
No håpar vi å få deg med på laget! Stillinga omfattar òg arbeid kvar fjerde helg på medisinsk og kirurgisk sengepost.
Ring gjerne leiar for ein uformell prat – vi vil gjerne høyre frå deg!
Oppstart etter avtale.
Hos oss vil du mellom anna:
Vi ser etter deg som:
Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
Hos oss får du tilpassa opplæring saman med ein sjukepleiar og kollegaer som samarbeider om oppgåvene. Du får høve til å påverke eigen arbeidskvardag og delta i forbetringsarbeid. Vi har ein tilgjengeleg leiar og gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Anita Narheim,Funksjonsleiar,97527319,anita.narheim@helse-fonna.no
Sjukehusvegen 10
5750ODDA
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5183803622
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026