Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Møre og Romsdal friomsorgskontor har ledig eit vikariat som fyrstekonsulent ved underkontoret i Ålesund fram til 01.08.27.
Friomsorga i Møre og Romsdal er ein del av kriminalomsorga, og vi jobbar for å gjere samfunnet tryggare – éin samtale, éi oppfølging og éin endringsprosess om gongen.
Vi er på jakt etter deg som har lyst til å bidra til at maskineriet går som smurt. Du er den som likar å halde oversikt, finne løysingar, og sørgje for at ting ikkje berre blir gjort – men blir gjort rett.
Vi har eit stort hjarte for menneske, eit våkent blikk for detaljar og eit godt samarbeid på tvers av kontora våre.
Avdelinga for elektronisk kontroll har 9 tilsette, 5 som har arbeidsstad i Molde og 4 som har arbeidsstad i Ålesund. Stillinga er i turnus med dag, kveld og helg.
Som fyrstekonsulent har ein ansvar for dei domfelte og tilsette sin tryggleik, innhenting og vurdering av informasjon og saksbehandling. Fyrstekonsulent EK skal ha evne til grensesetjing, konfliktløysing og vere ein samtalepartnar, rollemodell og rettleiar for dei domfelte.
For å kvalifisere for stilling som fyrstekonsulent må søkjar ha bestått fengselsbetjentutdanning frå KRUS eller relevant utdanning på bachelornivå (da fortrinnsvis sosionom, barnevernspedagog eller vernepleier). Søkarar som ikkje oppfyller utdanningskravet vil ikkje bli vurdert for vikariatet.
Me søkjer også etter tilkallingsvikarar som kan avhjelpe ved fravær og i ferie med straffegjennomføring med elektronisk kontroll. Opplys i søknaden om dette er av interesse.
For stillinga som tilkallingsvikar kan søkerarar som oppfyller kravet til 0808 miljøterapeut vurderast.
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i arbeids- og ansvarsområde.
Du må ha
Det er ønskjeleg at du har
0808 Miljøterapeut (stilling som tilkallingsvikar)
Du må ha
Det er ønskjeleg at du har
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbskøra portalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte fungerande friomsorgsleder Trude Aarseth – trude.aarseth@kriminalomsorg.no.
Søknadsfrist: 07.04.2026