Get a reply from this employer — a resume and cover letter tailored to exactly what they’re hiring for.
Me søker ferievikarar til barnehagane våre i sommar. Me ser etter deg som trivst saman med barn, er positiv og bidreg til ein trygg og god kvardag i barnehagen. Skriv gjerne i søknaden kva periode du kan arbeide, og kvar du ynskjer å jobbe.
Aurland barnehage sto ferdigstilt i mars 2022, og er ein funksjonell og modernebarnehage. Barnehagen ligg fint til nær til bibliotek, grunnskule, fleirbrukhall og supre turområde. Der er fireavdelingar med 18 tilsette og 51 barn.
Flåm barnehage ligg fint til på Lunden, med gode moglegheiter til å brukenaturen omkring. Der er to avdelingar med ni tilsette og 27 barn.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXAnqaUbI
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
Du må vere ein påliteleg, open og ærleg person. Det er viktigat me er tilstades for born og ungdom, men også har evne til å samarbeide med kollegaer.
Verdiane våre er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Du må legge fram politiattest etter barnehagelova, av nyare dato, før du byrjar i sommarjobben.
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.
Treng du hjelp i samband med søknaden, ta kontakt med Jobbnorge på telefon +47 75 54 22 20, mandag til fredag mellom kl. 08.00-16.00, eller send E-post til support@grade.no . Du vil få raskt svar, og veldig god hjelp av hyggelege medarbeidarar.
NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
Sommarjobb i vest 2026: #Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest