Obtenez une réponse de cet employeur
Votre CV et votre lettre de motivation, adaptés exactement à ce que l’employeur recherche.
Helse Møre og Romsdal HF i Ålesund søker ein ferievikar til melkekjøkkenet i Nyfødt intensivseksjon, som er motivert til å levere god pasientomsorg og støtte til pårørande.
Du må kunne norsk skriftleg og munnleg, og det er ønskt med minst éin års helsefagleg utdanning med kunnskap om smittevern og hygiene. Det vert opplyst om tilbod om opplæring før ferieperioden.
Vil DU bli vår kollega til sommaren?Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Nyfødt intensivseksjon Ålesund har behov for assistent på melkekjøkkenet i perioden f.o.m. veke 25 t.o.m. veke 32. Perioden kan tilpasses etter behov.
Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sitt behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
For meir informasjon om vår region, sjå Visit Møre og Romsdal
Ann-Iren Vartdal,Seksjonsleiar,Ann-Iren.Vartdal@helse-mr.no
Åsehaugen 5
6017Ålesund
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5209636374
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2027