Consigue una respuesta de este empleador
Tu currículum y tu carta de presentación, adaptados exactamente a lo que buscan contratar.
Helse Møre og Romsdal HF i Ålesund søkjer ferievikar til melkekjøkkenet ved Nyfødt intensivseksjon. Arbeidet skjer i sommarperioden frå veke 25 til veke 32, med fleksibilitet etter klinikken sitt behov.
Søknad må tydeliggjere kva tid i perioden du kan arbeide, og dokumentasjon som politiattest kan bli kravd. Du bør vere serviceinnstilt, ha høgt faglig nivå og ønskje å bidra til eit godt tilbod til pasientane våre, samt å arbeide godt saman med kollegaer i eit travelt miljø.
Vil DU bli vår kollega til sommaren?Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Nyfødt intensivseksjon Ålesund har behov for assistent på melkekjøkkenet i perioden f.o.m. veke 25 t.o.m. veke 32. Perioden kan tilpasses etter behov.
Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sitt behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlegespesialisthelsetenestai Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere"På lag med deg for helsa "di."Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Les meir om oss på www.helse-mr.no