A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Møre og Romsdal HF søker ferievikar til sommaren 2027 ved Avdeling for Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) i Ålesund. Vi søker deg som er motivert til å gjere det beste for pasientar og deira pårørande, og som har god serviceinnstilling.
Arbeidet er i sommarperioden og vi vil prøve å få til opplæring i forkant. Søkjar bør opplyse kor lang tid dei kan arbeide i perioden og lastar opp attestar og vitnemål som vedlegg til CV.
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast!
Avdeling for Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) treng ferievikarar sommaren 2027.
Det er behov for ferievikarar i perioden f.o.m. veke 26 t.o.m veke 33.
Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.
For meir informasjon om vår region sjå her
Siri-Mette Dragsund Hoff,Seksjonsleder, Siri.Matte.Dragsund.Hoff@helse-mr.no
Vestmoa 27
6018Ålesund
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5209975726
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2027