A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Sula kommune har ledig fastlegevikariat ved kommunelegekontoret frå 01.02.2027 til 13.03.2028. Drift skjer som næringsdrift der legen betaler husleige til kommunen etter listetal.
Kontoret fores tror stabil legedekning og fokus på god kompetanse og tenesteutvikling. Vikaren vil arbeide med klinisk praksis på eiga liste, bidra til kollegialt tilfråvær og kunne bli kalla inn til interkommunal legevakt ved Ålesund sjukehus.
Vi søkjer deg som vil bli ein del av vårt team.
Sula kommune har ledig fastlegevikariat tilknytt kommunelegekontoret frå 01.02.2027 til 13.03.2028. Det er ein avtale med listetak på 600, men den er ikkje full. Anna tidspkt for oppstart kan avtalast.
Kommunelegekontoret har i dag 11 fastlegar og ein LIS1-lege. Nesten alle fastlegane er spesialistar i allmennmedisin. Ein har også dyktige medarbeidarar i form av helsesekretærar og sjukepleiarar. Kontoret har fokus på godt samarbeid, god kompetanse og tenesteutvikling alt for at både pasientar og medarbeidarar skal trivast på kontoret.
Driftsforma er basert på næringsdrift som hovudmodell der legen betaler leige til kommunen for lokaler, utstyr og personell m.m. Fastlegar med driftsavtale får utbetalt basistilskotet og betalar husleige til kommunen berekna etter listetal (8.2-avtale). Ingen av legane har ansvar for generell drift og personalansvar, det er det kommunen som tar seg av.
Kommunelegekontoret har hatt stabil legedekning i lang tid, og det har jevnlig blitt oppretta nye avtalar. Gjennomsnittleg listelengde er ca 900. Fastlegane samarbeidar godt og bistår kvarandre med faglege vurderingar av pasientar. Det er viktig for kommunen å tilby gode arbeidsvilkår tilpassa ulike livssituasjonen for legen.
Klinisk praksis på eiga liste, og generell kollegeal fråværsdekning
Offentlege legeoppgåver kan bli tilplikta, med inntil 7,5 time pr veke, etter nærare avtalemed kollegar og kommunen.
Deltaking i interkommunal legevakt på kveld, natt og helg lokalisert like ved Ålesund sjukehus, leganedeltar i vaktordninga.
Kommunen har organisert daglegevakt, vaktbelastninga blir fordelt på alle legane i kommunen
Søkjar må ha norsk autorisasjon
LIS1, eller tilsvarande, må vere gjennomført og godkjent
Må beherske norsk språk godt, både munnleg og skriftlig
Du er god på kommunikasjon, samarbeid og skapar gode relasjonar til pasientar og kollegaer
Du har evne til å jobbe i eit hektisk miljø, der ingen veit kva dagen bringer
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og gode samarbeidsevne.
Rettleiing og supervisjon frå erfarne fastlegar
Å få arbeide i eit velutstyrt og triveleg arbeidsfellesskap med godt kvalifiserte medarbeidarar som har fokus på tenesteutvikling
Godt tverrfaglig samarbeid med dei andre tenestene i kommunen.