Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Sula kommune søker ein lege til fastlegevikariat ved kommunelegekontoret frå 01.02.2027 til 13.03.2028. Kontoret er under utvikling og har stabil legedekning med dyktige kollegaer og god faglig støtte.
Du må ha norsk autorisasjon og LIS1 gjennomført, kunne norsk flytande skriftleg og munnleg, og vere god i kommunikasjon og samarbeid. Rettleiing frå erfarne fastlegar og eit velutstyrt arbeidsfellesskap ligg til rette for ei god arbeidshverdag.
Vi søkjer deg som vil bli ein del av vårt team.
Sula kommune har ledig fastlegevikariat tilknytt kommunelegekontoret frå 01.02.2027 til 13.03.2028. Det er ein avtale med listetak på 600, men den er ikkje full. Anna tidspkt for oppstart kan avtalast.
Kommunelegekontoret har i dag 11 fastlegar og ein LIS1-lege. Nesten alle fastlegane er spesialistar i allmennmedisin. Ein har også dyktige medarbeidarar i form av helsesekretærar og sjukepleiarar. Kontoret har fokus på godt samarbeid, god kompetanse og tenesteutvikling alt for at både pasientar og medarbeidarar skal trivast på kontoret.
Driftsforma er basert på næringsdrift som hovudmodell der legen betaler leige til kommunen for lokaler, utstyr og personell m.m. Fastlegar med driftsavtale får utbetalt basistilskotet og betalar husleige til kommunen berekna etter listetal (8.2-avtale). Ingen av legane har ansvar for generell drift og personalansvar, det er det kommunen som tar seg av.
Kommunelegekontoret har hatt stabil legedekning i lang tid, og det har jevnlig blitt oppretta nye avtalar. Gjennomsnittleg listelengde er ca 900. Fastlegane samarbeidar godt og bistår kvarandre med faglege vurderingar av pasientar. Det er viktig for kommunen å tilby gode arbeidsvilkår tilpassa ulike livssituasjonen for legen.
Ta gjerne kontakt om du ønskjer meir informasjon
Søkjar må ha norsk autorisasjon
LIS1, eller tilsvarande, må vere gjennomført og godkjent
Må beherske norsk språk godt, både munnleg og skriftlig
Du er god på kommunikasjon, samarbeid og skapar gode relasjonar til pasientar og kollegaer
Du har evne til å jobbe i eit hektisk miljø, der ingen veit kva dagen bringer
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og gode samarbeidsevne.
Rettleiing og supervisjon frå erfarne fastlegar
Å få arbeide i eit velutstyrt og triveleg arbeidsfellesskap med godt kvalifiserte medarbeidarar som har fokus på tenesteutvikling
Godt tverrfaglig samarbeid med dei andre tenestene i kommunen.