A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Sula kommune utlyser eit fastlegevikariat ved Kommunelegekontoret i Langevåg, frå 01.02.2027 til 13.03.2028. Det er eit lisensbasert opplegg med avtale om listetak og leige til kommunen for lokalar og utstyr. Arbeidet består i klinisk praksis på eiga liste og kollegialt fråværdekning.
Fastlegane har spesialistkompetanse og god tverrfagleg samarbeidskultur. Søkjaren må ha norsk autorisasjon, LIS1 eller tilsvarande, og vere villig til å samarbeide tett med kommunens helsepersjon og administrasjon.
Vi søkjer deg som vil bli ein del av vårt team.
Sula kommune har ledig fastlegevikariat tilknytt kommunelegekontoret frå 01.02.2027 til 13.03.2028. Det er ein avtale med listetak på 600, men den er ikkje full. Anna tidspkt for oppstart kan avtalast.
Kommunelegekontoret har i dag 11 fastlegar og ein LIS1-lege. Nesten alle fastlegane er spesialistar i allmennmedisin. Ein har også dyktige medarbeidarar i form av helsesekretærar og sjukepleiarar. Kontoret har fokus på godt samarbeid, god kompetanse og tenesteutvikling alt for at både pasientar og medarbeidarar skal trivast på kontoret.
Driftsforma er basert på næringsdrift som hovudmodell der legen betaler leige til kommunen for lokaler, utstyr og personell m.m. Fastlegar med driftsavtale får utbetalt basistilskotet og betaler husleige til kommunen berekna etter listetal (8.2-avtale). Ingen av legane har ansvar for generell drift og personalansvar, det er det kommunen som tar seg av.
Kommunelegekontoret har hatt stabil legedekning i lang tid, og det har jevnlig blitt oppretta nye avtalar. Gjennomsnittleg listelengde er ca 900. Fastlegane samarbeidar godt og bistår kvarandre med faglege vurderingar av pasientar. Det er viktig for kommunen å tilby gode arbeidsvilkår tilpassa ulike livssituasjonen for legen.
Klinisk praksis på eiga liste, og generell kollegeal fråværsdekning
Offentlege legeoppgåver kan bli tilplikta, med inntil 7,5 time pr veke, etter nærare avtalemed kollegar og kommunen.
Deltaking i interkommunal legevakt på kveld, natt og helg lokalisert like ved Ålesund sjukehus, leganedeltar i vaktordninga.
Kommunen har organisert daglegevakt, vaktbelastninga blir fordelt på alle legane i kommunen
Søkjar må ha norsk autorisasjon
LIS1, eller tilsvarande, må vere gjennomført og godkjent
Andre relevante faglege kvalifikasjonar og relevant erfaring vil bli vurdert, sett i lys av å utfylle den totale kompetansen blant fastlegane i kommunen.
Fagleg oppdatert på relevant kunnskap
Må beherske norsk språk godt, både munnleg og skriftlig
Må ha sertifikat klasse B og kunne disponere bil
Politiattest
Du er god på kommunikasjon, samarbeid og skapar gode relasjonar til pasientar og kollegaer
Du er fleksibel, engasjert og motivert for jobben
Du har evne til å jobbe i eit hektisk miljø, der ingen veit kva dagen bringer
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og gode samarbeidsevne.
Kommunen er registrert utdanningsverksemd for ALIS
Kommunen vil legge til rette for spesialisering i allmennmedisin, LIS3
Rettleiing og supervisjon frå erfarne fastlegar
Legekontoret brukar KI generert taleverkty til journalføring.
Heimekontorordning i samsvar med lokal avtale
Godt samarbeid mellom fastlegane og administrasjonen i kommunen.
Å få arbeide i eit velutstyrt og triveleg arbeidsfellesskap med godt kvalifiserte medarbeidarar som har fokus på tenesteutvikling
Godt tverrfaglig samarbeid med dei andre tenestene i kommunen.
Gratis parkering
Grethe Øen,Einingsleiar,93821014, grethe.elise.gjorvad.oen@sula.kommune.no
Rim Hammer,Fastlege, rim.hammer@sula.kommune.no
Øystein Mjelde Aasen,HTV DNL / Fastlege,ø ystein.mjelde.aasen@sula.kommune.no
Stadsnesvegen 9b
6030Langevåg
Arbeidsgivar: Sula kommune
Referansenr.: 5202947812
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.02.2027
Sluttdato: 13.03.2028
Søknadsfrist: 22.11.2026
Sula kommune er opptatt av å utvikle og forbetre tenestene saman med innbyggerane og næringslivet, slik vi kan vere ei trygg og framtidsretta kommune.
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9800 innbyggjarar, der omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Sula er ein av dei minste og mest folketette kommunane i fylket.
Kommunen er vekstkommune med stor aktivitet, rikt kulturliv og har gode høve til å dyrke friluftsliv.Veksten har ført til auke av butikk-, kafe- og næringsverksemder.Det tek 7 minutt med båt over til Ålesund sentrum.Kommunesenteret og Sula rådhus ligg i Langevåg.
Legar kreftavdelinga, Helse Møre og Romsdal HF