Ledig stilling ved to av legekontora i Hå, ein fast og eit vikariat. Det kan også vere aktuelt med andre vikariat i samband med avvikling av overlegepermisjon.
Kontoret fyller 40 år, og kjernepersonellet har vore der heilt sidan starten. Kontinuiteten er difor absolutt på plass, og trivselen er høg.
Legesenteret på Vigrestad består av 6 fastlegar, lis 1, og samarbeidande personell som hovudsakleg er sjukepleiarar. Det er gode rutiner for samarbeid og bruk av sjukepleiarane til vurdering der det er fornuftig. Fastlegetenesta er godt integrert i den øvrige kommunale helsetenesta, og vi har også psykolog som arbeider på tvers av legekontora med pasientbehandling, veiledning og rådjevning.
Kommunen arbeider med å legge til rette for ytterlegare fastlegestillingar. Om du vurderer å teste ut fastlegeyrket som vikar, er du velkommen til å søkje her og skrive dette i søknaden.
Hå kommune har 22 kommunale fastlegeheimlar fordelt på tre legekontor. Vi har gode ordningar for utdanning og rettleiing, stor trivsel og eit godt tverrfagleg samarbeid i ein framoverlent organisasjon. Frå 1. juni 2022 har vi gått inn i eit interkommunalt legevaktsamarbeid.
Hos oss slepp du å ta ansvar for drift av legekontoret, finne eigen vikar, og vi er flinke til å finne løysingar dersom du treng ein dag fri.
Oppstart er planlagt til 01.09.25 eller etter avtale.
Det er ledig stilling som kommunalt lønna ALIS-lege i Hå, først ved Varhaug helsesenter for å dekkje opp svangerskapsvikariat. Kommunen har fleire ALIS- og andre legar som skal ha spesialistpermisjon. Stillinga er i denne omgang eit års vikariat, med moglegheit for forlenging.
Hå kommune tilbyr veiledning og utdanning som spesialist i allmennmedisin. Dei tre kommunale legekontora har stabil legedekning og gode organisatoriske forhold. På Varhaug legesenter er det eit godt team av erfarne fastlegar og sjukepleiarar som samarbeider godt.
Vi tilbyr fastlønn med bonus, utan utgifter til husleige, straum, utstyr eller administrasjon. Det er fri med lønn ved sjukdom, kurs, sjuke barn, svangerskapspermisjon, farspermisjon, og dekning av kursavgifter. Permisjon ved vidareutdanning utan å skaffe vikar er også inkludert.
Fastlegane deltar i anna kommunalt legearbeid inntil 20%, og i døgnbemanna legevakt med sjukepleiar og interkommunal nattevakt. Det er gode vikarordningar og moglegheit for å tilpasse vaktbelastninga etter eigen ynskje.
Majoriteten av fastlegane er erfarne spesialistar i allmennmedisin, og vi har gode ordningar for individuell veiledning og nettverk for legar i spesialisering.
For meir informasjon, kontakt kommuneoverlegen, som også kan formidle kontakt til ein av fastlegane på Varhaug.
Svangerskapsvikariat frå 01.06.25 til 31.08.26, med mogleg forlengelse i andre vikariat.
Personlege eigenskapar og lokal tilknytning vert vektlagt.
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format saman med søknaden. Utenlandske vitnemål må vere godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no), og utenlandske attestar må vere oversette til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei pliktar som går fram av utlysinga, og i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Det er prøvetid på 6 månader og reglar for flyttegodtgjersle.