Enable job alerts via email!
En kommunal helseinnretning i Fitjar søker en fastlege for å utvide kapasiteten. Stillingen krever norsk autorisasjon som lege og spesialisering i allmennmedisin. Legen vil delta i daglig vakt og legevakt. Det tilbys fastlønn med muligheter for spesialisering i allmennmedisin. Søknader ønskes elektronisk med CV og attester.
Fitjar legekontor skal utvide kapasiteten og søkjer 1 fastlege
Legesenteret er kommunalt drevet med 4 helsepersonell, samt 6 legar og 1 LIS1. Som fastlege i Fitjar kommune deltek du i daglegevakt kvardagar frå klokka 08-15, og i interkommunal legevakt på kveld, natt, helg og høgtid. Den interkommunale legevakta er eit samarbeid mellom 3 kommunar, og er lokalisert i eit eige bygg like ved Stord sjukehus. Du må her pårekna ca. 2-4 vakter i månaden.
Synes du stillingane ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk her med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkarliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med einingsleiar /Helserådgivar Diana Bergeland tlf. 952 43 278 eller kommunalsjef helse og omsorg Anne Økland tlf 909 86 971
Fitjar er ein kommune i Sunnhordland i Vestland fylke ca 1,5 time sør frå Bergen sentrum, og er ein øykommune som ligg vakkert til nord på øya Stord. Her vil du framleis finne eit urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og om lag 380 øyar, holmar og skjær. Øya har også flotte fjellandskap med mange merka turstiar.
Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheitar. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar, gode buforhald, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling.
Fitjar kommunee r godkjend utdanningsverksemd for legar, og kan tilby varierte og interessante oppgåver med moglegheit for fagleg utvikling.