Fast vaken nattevakt i 72 % stilling

Bufetat (Barne-, ungdoms- og familieetaten)

New Jersey

Sur place

NOK 490 000 - 640 000

Temps partiel

Il y a 10 jours

Une candidature complète en une minute

Un CV et une lettre de motivation personnalisés, prêts à envoyer.

Passez les filtres ATS

Avantages offerts par ce poste

Pensjonsordning i Statens pensjonskass

Résumé du poste

Bufetat Bjørgvin ungdomssenter i Bergen søker nattevakt i 72% stilling for å sikre ro og tryggleik i nattetime. Du vil vere ein variert og krevjande rolle der involvering av foreldre og nettverk spelar inn i endringsprosessar.

Arbeidet inneheld risikovurderingar, dokumentasjon og samarbeid med barnevernteneste, helse og politi. Krav til relevant utdanning og norsk språk vert vektlagt for å bidra til eit trygt miljø for ungdom mellom 13 og 18 år.

Qualifications

  • Krav til høveleg utdanning og vitnemål som barnevernspedagog/sosionom/vernepleiar.
  • Førarkort klasse B er naudsynt.
  • Gode skriftlege og munnlege framstillingsevne på norsk.

Responsabilités

  • Sikre ro, tryggleik og føreseielege rammer for ungdommane gjennom natta.
  • Gjennomføra risikovurderingar og setje i verk tiltak etter behov.
  • Handtere og arbeide førebyggjande mot hendingar der barn og ungdom kan skade seg sjølv eller andre.
  • Kontakt med ulike samarbeidspartnarar som barnevernteneste, føresette og politi.
  • Bidra til rettstryggleiken til ungdommen gjennom god dokumentasjon.
  • Ivareta ungdommane med god omsorg som ein trygg vaksen.
  • Rettleia og setja grenser på ein utviklingsstøttande måte.
  • Delta i opplæring i tryggleik og sikkerheit på barnevernsinstitusjon og i trening.
  • Delta i praktiske gjeremål.
  • Samarbeid mellom einingas avdelingar ved behov.

Formation

Barnevernspedagog (180 studiepoeng)
Sosionom (180 studiepoeng)
Vernepleiar (180 studiepoeng)

Description du poste

Om stillinga og arbeidsstaden
Er du den som skapar tryggleik når andre søv?

Det er ein krevande jobb, den er ikkje for alle. Men er du fagleg utforskande, likar høg aktivitet og store variasjonar i arbeidskvardagen, kan dette være jobben for deg.

Som fast nattevakt blir du ein viktig del av miljøet rundt ungdommane og bidreg til kontinuitet, tryggleik og stabile relasjonar over tid.

Bjørgvin ungdomssenter

Har to avdelingar som er lokalisert på Bønes i Bergen kommune.

Vi tilbyr rusbehandling for ungdom mellom 13 og 18 år etter behandlingsmetoden Læringsbasert rusbehandling (LBR). Vi arbeidar med ungdom med alvorlege åtferdsvanskar og vedvarande rusproblem, og målet vårt er å gje dei verktøya dei treng for å meistre kvardagen utan rus. Ungdommane bur hos oss i henhald til barnevernsloven.

  • 6-1 og 6-2.

Hos oss står samarbeid og relasjonar i sentrum - både med ungdommen sjølv og det naturlege nettverket deira. Vi legg stor vekt på å involvere foreldre og andre viktige personar for å støtte ungdommen i endringsprosessen.

Behandlingen byggar på læringsteoretiske prinsipp, kognitiv åtferdsterapi og sosialøkologisk teori. Vårt arbeid handlar om å hjelpe ungdom til å utvikle ferdigheitar som gjer dem i stand til å handtere situasjonar som tidligare har ført til rusbruk.

Ved Bjørgvin ungdomssenter har vi nå ledig stilling som våken nattevakt i 72% stilling.

Det kan og bli ledig vikariat ved senteret på både natt og i andre stillingar. Vikariata kan ha ulik storleik og varigheit, med moglegheit for forlenging. Søkjarar som også er interessert i vikariat blir oppmoda om å opplyse om dette i søknaden.

Arbeidsoppgåver
  • Sikre ro, tryggleik og føreseielege rammer for ungdomane gjennom natta
  • Gjennomføra risikovurderingar og setje i verk tiltak etter behov.
  • Handtere og arbeide førebyggjande mot hendingar der barn og ungdom kan skade seg sjølv eller andre
  • Kontakt med ulike samarbeidspartar, som kommunal barnevernteneste, føresette, sosialt nettverk, politi, helseinstansar m.fl.
  • Bidra til å ta vare på rettstryggleiken til ungdommen ved hjelp av god dokumentasjon.
  • Ivareta ungdommane med god omsorg gjennom å vere ein trygg, tydeleg og føreseieleg vaksen.
  • Rettleia og setja grenser på ein utviklingsstøttende måte.
  • Det er krav om at alle tilsette gjennomførar opplæring i tryggleik og sikkerheit på barnevernsinstitusjon, samt delta i regelmessig trening.
  • Delta i praktiske gjeremål.
  • Samarbeid mellom einingas avdelingar ved behov.
Krav Til Stillingane
  • Du har fullført høgskoleutdanning med minimum 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
  • Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, fortrinnsvis med 60 stp relevant vidareutdanning, kan og vurderast.
  • Kandidatar med relevant erfaring, utan 3-årig bachelorgrad, kan og vurderast.
  • Førarkort klasse B er naudsynt.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk er eit krav.
  • God fysisk og psykisk helse.

Bjørgvin ungdomssenter tilstrebar balanse mellom kvinner og menn, jf. føringar i barnevernsloven. Dette kan vere avgjerande ved val av kandidatar til intervju.

Vi Søkjer Deg Som
  • Motiverast av ansvar, arbeider sjølvstendig, er trygg i vaksenrolla og som kan romme ungdommane og deira behov.
  • Har evne til å oppretthalde god struktur, eit fagleg perspektiv og samarbeida i team.
  • Er fleksibel og trivst med store utfordringar, og du har evne til hurtig omstilling.
  • Har toleranse for arbeidspress i ein hektisk kvardag.
  • Framstår som trygg og handterer krevjande situasjonar på ein god måte.
  • Har evne til å vere romsleg, fleksibel og sjølvstendig.
  • Kan etablera gode relasjonar. Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Er løysingsfokusert og metodelojal.
  • Er punktleg.
  • Har evne til å arbeida strukturert og metodisk.
  • Trivst med og fungerer godt i nattarbeid.

Personlege eigenskapar vil tilleggjast stor vekt.

Kva får du hos oss?
  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 640 000 pr. år.
  • Ved relevant videreutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 000 – 690 000 pr. år.
  • Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 540 000 – 690 000 pr. år.
  • Ved fast deltid og vikariat kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000 – 530 000, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 440 400 – 540 000 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 – 560 000 pr.år.
  • Sosiale tiltak saman med gode kollegaer.
  • Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
  • Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod.
  • Løn og stillingskode blir vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordninger (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.
Opplysningar til deg som søkjar
  • Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
  • Stillinga er for tida lagd til Bjørgvin ungdomssenter.
  • ID-kontroll vert gjennomført som ein fast del av intervjuprosessen for å sikre ein trygg og korrekt rekrutteringsprosess. Gyldig legitimasjon må difor kunne leggjast fram ved intervju.
  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern
  • 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest
  • 7. Denne attesten skal ikkje leggjast med søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
  • Prøvetid i samsvar med statsansattelova.
  • Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Obtenez votre examen gratuit et confidentiel de votre CV.

ou faites glisser et déposez votre fichier ici.

Similar jobs

Postes similaires à comparer

Miljøterapeut 23%
Miljøterapeut 23%

Solfrid Keilegavlen Aasen • Bergen

Sur place
NOK 490 000 - 640 000
Fast vaken nattevakt i 72 % stilling
Fast vaken nattevakt i 72 % stilling

Torill Fjell • Bergen

Sur place
NOK 490 000 - 640 000
Kvilande nattevakt
Kvilande nattevakt

Bufetat • Bergen

Sur place
NOK 490 000 - 640 000
Kvilande nattevakt
Kvilande nattevakt

Bufetat (Barne-, ungdoms- og familieetaten) • Bergen

Sur place
NOK 490 000 - 640 000
Statens pensjonskasse
Gode utviklingsmuligheter
Miljøterapeut vikariat - Meltunet
Miljøterapeut vikariat - Meltunet

Bufetat (Barne-, ungdoms- og familieetaten) • Nordfjordeid

Sur place
NOK 490 000 - 690 000
Miljøterapeut vikariat - Meltunet
Miljøterapeut vikariat - Meltunet

Gitte Anita Solheim • Nordfjordeid

Sur place
NOK 490 000 - 640 000
Pensjonsordning
Faglig utvikling
Fast vaken nattevakt i 72 % stilling
Fast vaken nattevakt i 72 % stilling

Bufetat • Bergen

Sur place
NOK 201 000 - 268 000
Kvilande nattevakt
Kvilande nattevakt

Solfrid Keilegavlen Aasen • Bergen

Sur place
NOK 490 000 - 640 000
Våken nattevakt i 71 % stilling
Våken nattevakt i 71 % stilling

Anka Zahl • Røvika - Rudda - Ruddaluokta

Sur place
NOK 520 000 - 620 000
Gratis parkering ved enheten
Medlemskap i SPK – Statens pensjonskss
Miljøterapeut - 100% vikariat
Miljøterapeut - 100% vikariat

Thomas Thomassen • Syfteland

Sur place
NOK 490 000 - 640 000