Kvilande nattevakt

Bufetat (Barne-, ungdoms- og familieetaten)

Bergen

On-site

NOK 490,000 - 640,000

Full time

2 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Statens pensjonskasse
Gode utviklingsmuligheter

Job summary

Bergen akuttsenter avd. Nattland leitar etter ein fast nattevakt på 70% stilling. Arbeidet skjer natt, ca. 2–3 vakter i veka og inkluderer arbeid kvar 3. helg. Stillinga gir moglegheit for fagleg og personleg utvikling, rettleiing og utfordringar i eit godt arbeidsmiljø.

Det kan også bli ledige vikariat ved senteret på natt og i andre stillingar. Søkarar som er interessert i vikariat blir oppmoda om å opplyse om dette i søknaden.

Qualifications

  • Krav om norsk muntlig og skriftlig framstillingsevne
  • Har minimum bachelorgrad i relevante fagområder
  • Innhente og dokumentere risikovurderingar og tiltak
  • Har førarkort klasse B

Responsibilities

  • Ivareta ungdommane med omsorg og tryggleik gjennom natta
  • Setja grenser på ein utviklingsstøttande måte
  • Gjennomføre risikovurderingar og iverksetje tiltak
  • Ha kontakt med samarbeidspartnarar som barnevernteneste, føresette og politi
  • Dokumentere opplysningar for rettstryggleik og sakshandtering
  • Delta i inntak av nye ungdomar
  • Gjennomføre opplæring i tryggleik og sikkerheit i institusjonen

Skills

Trygg voksen
Gode relasjoner
Samarbeidsvillig
Fleksibel

Education

Bachelorgrad eller tilsvarande 180 studiepoeng

Job description

Om stillinga og arbeidsstaden

Bergen akuttsenter avd. Nattland er ein akuttinstitusjon for barn og unge i alderen 13 - 18 år, under Bufetat, region vest. Vi tek imot ungdom som har vedtak etter Lov om barneverntjenester

  • 4.1, 4.2 og 5.1.

Bergen akuttsenter har sitt faglege rammeverk i Barnets behov i sentrum. I tillegg har avdelingen etablert gode rutiner etter traumebevisst omsorg og følger akuttforløpet.

Vi har ledig ein fast stilling som kvilande nattevakt, 70% (lønnsteknisk 38 %)

Stillinga inneber for tida 2-3 vakter i veka, arbeid kvar 3.helg.

Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, rettleiing og spanande utfordringar.

Det kan og bli ledig vikariat ved senteret på både natt og i andre stillingar. Vikariata kan ha ulik storleik og varigheit, med moglegheit for forlenging. Søkjarar som også er interessert i vikariat blir oppmoda om å opplyse om dette i søknaden.

Arbeidsoppgåver
  • Ivareta ungdommane med god omsorg gjennom å vere ein trygg, tydeleg og føreseieleg vaksen gjennom natta.
  • Rettleia og setja grenser på ein utviklingsstøttende måte.
  • Gjennomføre risikovurderingar og setje i verk tiltak for å førebyggje og handtere situasjonar der ungdom kan skade seg sjølv eller andre.
  • Kontakt med ulike samarbeidspartar, som kommunal barnevernteneste, føresette, sosialt nettverk, politi, helseinstansar m.fl.
  • Bidra til å ta vare på rettstryggleiken til ungdommen ved hjelp av god dokumentasjon.
  • Inntak av nye ungdomar.
  • Det er krav om at alle tilsette gjennomførar opplæring i tryggleik og sikkerheit på barnevernsinstitusjon.
Kompetansekrav
  • Du bør ha minimum treårig relevant høgskule-/universitetsutdanning, gjennomført bachelorgrad eller tilsvarande 180 studiepoeng i relevante fagområde.
  • Studentar som er i ferd med å gjennomføre bachelorutdanning i sosialt arbeid, barnevernspedagog eller vernepleie kan bli vurdert.
  • Søkjarar utan relevant utdanning med relevant barneverns- og/eller institusjonserfaring kan bli vurdert.
  • God fysisk og psykisk helse.
  • Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
  • Har førarkort (minimum) klasse B.
Det Er Ønskeleg Med
  • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon
  • Kompetanse på å gjere faglege vurderingar, tilpasse tiltaka til ungdommane og dokumentere desse skriftleg.
  • Kjennskap til barns rettigheitar i institusjon, jfr. barnevernsloven.
  • Kjennskap til traumebevisst omsorg.
Kven Ser Vi Etter
  • Du er ein trygg, tydeleg og tillitvekkande vaksen som trivst i arbeid med ungdom.
  • Du byggjer gode relasjonar og møter ungdom med varme, respekt og forståing.
  • Du engasjerer, motiverer og bidreg til utvikling og positiv endring.
  • Du samarbeider godt med andre, tek ansvar og bidreg positivt til arbeidsmiljøet.
  • Du er fleksibel, strukturert og trivst i ein variert og til tider hektisk kvardag.
  • Du er fagleg nysgjerrig, tek imot rettleiing og nyttar kunnskap og refleksjon i arbeidet ditt.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Vi tilstreber ei lik kjønnsfordeling.
Kva får du hos oss?
  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 640 000 pr. år. Søkjarar med sosialfagleg utdanning vil plasserast i fagspesifikke stillingskodar som sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog i tråd med lokal lønnspolitikk for Bufetat.
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 000 – 690 000 pr. år.
  • Ved fast deltid og vikariat kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000 – 530 000, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 440 400 – 540 000 pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 – 560 000 pr.år.
  • Lønn og stillingskode blir vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordninger (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.
  • Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
  • Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod.
Opplysningar til deg som søkjar
  • Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
  • Stillinga er for tida lagd til avdeling Nattland.
  • ID-kontroll vert gjennomført som ein fast del av intervjuprosessen for å sikre ein trygg og korrekt rekrutteringsprosess. Gyldig legitimasjon må difor kunne leggjast fram ved intervju.
  • Me gjennomfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar.
  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern
  • 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest
  • 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
  • Prøvetid i samsvar med statsansatteloven.
Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Kvilande nattevakt
Kvilande nattevakt

Bufetat • Bergen

On-site
NOK 490,000 - 640,000
Miljøterapeut 23%
Miljøterapeut 23%

Bufetat • Bergen

On-site
NOK 490,000 - 640,000
Miljøterapeut vikariat - Meltunet
Miljøterapeut vikariat - Meltunet

Bufetat (Barne-, ungdoms- og familieetaten) • Nordfjordeid

On-site
NOK 490,000 - 690,000
Våken nattevakt i 71 % stilling
Våken nattevakt i 71 % stilling

Bufetat (Barne-, ungdoms- og familieetaten) • Fauske

On-site
NOK 520,000 - 620,000
Miljøterapeut vikariat - Meltunet
Miljøterapeut vikariat - Meltunet

Gitte Anita Solheim • Nordfjordeid

On-site
NOK 490,000 - 640,000
Pensjonsordning
Faglig utvikling
Våken nattevakt i 71 % stilling
Våken nattevakt i 71 % stilling

Bufetat • Røvika - Rudda - Ruddaluokta

On-site
NOK 450,000 - 620,000
Statens pensjonskasse
Dyktige og motiverte medarbeidere
Engasjert faglig miljø
+3
Tillkallingsvikarer
Tillkallingsvikarer

Bufetat (Barne-, ungdoms- og familieetaten) • Grue

On-site
NOK 500,000 - 630,000
Statlig lønnsregulativ 1489
Miljøterapeut - våken nattevakt
Miljøterapeut - våken nattevakt

Ranja Abrahamsen • Borkenes

On-site
NOK 520,000 - 620,000
Tillkallingsvikarer
Tillkallingsvikarer

Inger Ulfsbøl • Kirkenær

On-site
NOK 500,000 - 630,000
Pensjonsordning
Hvilende nattevakt
Hvilende nattevakt

Ellen Sæther Myrland • Trondheim

On-site
NOK 600,000 - 650,000