Kvilande nattevakt

Solfrid Keilegavlen Aasen

Bergen

On-site

NOK 490,000 - 640,000

Part time

4 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Job summary

Bergen akuttsenter avd. Nattland søker ein fast nattevakt i 70% stilling. Stillinga inneber arbeid kvar tredje helg og 2–3 vakter i veka, med fokus på tryggleik og god omsorg for ungdom i natt. Arbeidsplassen ligg i Bergen og er under Bufetat, region vest.

Tilsetjinga krev relevant utdanning og norsk munnleg/skriftleg framstillingsevne. Det vert lagt vekt på eit godt arbeidsmiljø, fagleg og personleg utvikling samt rettleiing.

Qualifications

  • Minimum treårig relevant høgskule-/universitetsutdanning.
  • Norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne av god kvalitet.
  • Har førarkort minimum klasse B.
  • God fysisk og psykisk helse.

Responsibilities

  • Vareta ungdommane og sikre ro og tryggleik i natta.
  • Gje trygg, tydeleg og føreseieleg vaksenomsorg.
  • Gjennomføre risikovurderingar og setje i verk tiltak ved behov for å sikre ungdommane og andre.
  • Samarbeide med kommunal barnevernteneste, føresette og andre relevante partar.
  • Dokumentere rettstryggleik og ta vare på ungdommane ved inntak og oppfølging.

Skills

Norsk språk (muntlig)
Norsk skriftlig
Relasjonsbygging
Faglig nysgjerrig

Education

Bachelorgrad eller 180 studiepoeng

Job description

Om stillinga og arbeidsstaden

Bergen akuttsenter avd. Nattland er ein akuttinstitusjon for barn og unge i alderen 13 - 18 år, underBufetat, region vest. Vi tek imot ungdom som har vedtak etter Lov om barneverntjenester §§ 4.1, 4.2 og 5.1.
Bergen akuttsenterhar sitt faglege rammeverk i Barnets behov i sentrum. I tillegg har avdelingen etablert gode rutiner ettertraumebevisst omsorgog følger akuttforløpet.
Vi har ledig ein fast stilling som kvilande nattevakt, 70% (lønnsteknisk 38 %)
Stillinga inneber for tida 2-3 vakter i veka, arbeid kvar 3.helg.
Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, rettleiing og spanande utfordringar.

Det kan og bli ledig vikariat ved senteret på både natt og i andre stillingar. Vikariata kan ha ulik storleik og varigheit, med moglegheit for forlenging. Søkjarar som også er interessert i vikariat blir oppmoda om å opplyse om dette i søknaden.

Arbeidsoppgåver

Målet for stillinga er å vareta ungdommane og ha fokus på ro og tryggleik i avdelinga nattetid.

  • Ivareta ungdommane med god omsorg gjennom å vere ein trygg, tydeleg og føreseieleg vaksen gjennom natta.
  • Rettleia og setja grenser på ein utviklingsstøttende måte.
  • Gjennomføre risikovurderingar og setje i verk tiltak for å førebyggje og handtere situasjonar der ungdom kan skade seg sjølv eller andre.
  • Kontakt med ulike samarbeidspartar, som kommunal barnevernteneste, føresette, sosialt nettverk, politi, helseinstansar m.fl.
  • Bidra til å ta vare på rettstryggleiken til ungdommen ved hjelp av god dokumentasjon.
  • Inntak av nye ungdomar.
  • Det er krav om at alle tilsette gjennomførar opplæring i tryggleik og sikkerheit på barnevernsinstitusjon.
Kva bakgrunn har du?

Kompetansekrav:

  • Du bør ha minimum treårig relevant høgskule-/universitetsutdanning, gjennomført bachelorgrad eller tilsvarande 180 studiepoeng i relevante fagområde.
  • Studentar som er i ferd med å gjennomføre bachelorutdanning i sosialt arbeid, barnevernspedagog eller vernepleie kan bli vurdert.
  • Søkjarar utan relevant utdanning med relevant barneverns- og/eller institusjonserfaring kan bli vurdert.
  • God fysisk og psykisk helse.
  • Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
  • Har førarkort (minimum) klasse B.

Det er ønskeleg med:

  • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon
  • Kompetanse på å gjere faglege vurderingar, tilpasse tiltaka til ungdommane og dokumentere desse skriftleg.
  • Kjennskap til barns rettigheitar i institusjon, jfr. barnevernsloven.
  • Kjennskap tiltraumebevisst omsorg.
Personlege eigenskapar

Kven ser vi etter:

  • Du er ein trygg, tydeleg og tillitvekkande vaksen som trivst i arbeid med ungdom.
  • Du byggjer gode relasjonar og møter ungdom med varme, respekt og forståing.
  • Du engasjerer, motiverer og bidreg til utvikling og positiv endring.
  • Du samarbeider godt med andre, tek ansvar og bidreg positivt til arbeidsmiljøet.
  • Du er fleksibel, strukturert og trivst i ein variert og til tider hektisk kvardag.
  • Du er fagleg nysgjerrig, tek imot rettleiing og nyttar kunnskap og refleksjon i arbeidet ditt.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing. Vi tilstreber ei lik kjønnsfordeling.
Kva får du hos oss?
  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490000 – 640000 pr. år. Søkjarar med sosialfagleg utdanning vil plasserast i fagspesifikke stillingskodar som sosionom, vernepleiar, barnevernspedagog i tråd med lokal lønnspolitikk for Bufetat.
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 000 – 690 000 pr. år.
  • Ved fast deltid og vikariat kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000 – 530000, 1203 fagarbeidar, p.t. kr 440 400 – 540 000pr år eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 – 560000 pr.år.
  • Lønn og stillingskode blir vurdert etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no). Frå lønna blir 2 % pensjonsinnskot trekte.
  • Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
  • Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod.
Opplysningar til deg som søkjar
  • Vi søkjer etter dei beste hovuda uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
  • Stillinga er for tida lagd til avdeling Nattland.
  • ID-kontroll vert gjennomført som ein fast del av intervjuprosessen for å sikre ein trygg og korrekt rekrutteringsprosess. Gyldig legitimasjon må difor kunne leggjast fram ved intervju.
  • Me gjennomfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar.
  • Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngivast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
  • Prøvetid i samsvar med statsansatteloven.
  • Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde?

For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik.

Vitnemål skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.

Har du utdanning frå utlandet må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Miljøterapeut 23%
Miljøterapeut 23%

Bufetat • Bergen

On-site
NOK 490,000 - 640,000
Kvilande nattevakt
Kvilande nattevakt

Bufetat • Bergen

On-site
NOK 490,000 - 640,000
Miljøterapeut (helg 37,48%)
Miljøterapeut (helg 37,48%)

Thomas Thomassen • Syfteland

On-site
NOK 490,000 - 640,000
Miljøterapeut - våken nattevakt
Miljøterapeut - våken nattevakt

Ranja Abrahamsen • Borkenes

On-site
NOK 520,000 - 620,000
Fast vaken nattevakt i 72 % stilling
Fast vaken nattevakt i 72 % stilling

Torill Fjell • Bergen

On-site
NOK 490,000 - 640,000
Miljøterapeut
Miljøterapeut

Bufetat (Barne-, ungdoms- og familieetaten) • Bergen

On-site
NOK 490,000 - 640,000
SPK pensjonsordning
Pensjonsinnskot 2%
Miljøterapeut 23%
Miljøterapeut 23%

Solfrid Keilegavlen Aasen • Bergen

On-site
NOK 490,000 - 640,000
Miljøterapeut - 100% vikariat
Miljøterapeut - 100% vikariat

Thomas Thomassen • Syfteland

On-site
NOK 490,000 - 640,000
Miljøterapeut
Miljøterapeut

Bufetat (Barne-, ungdoms- og familieetaten) • Kongsberg

On-site
NOK 515,000 - 670,000
Statens pensjonskasse
Pensjonsinnskudd 2%
Miljøterapeut
Miljøterapeut

Bufetat • Kongsberg

On-site
NOK 515,000 - 670,000