Enable job alerts via email!
En polititjeneste i Norge søker en motivert politibetjent til fast stilling med ansvar for beredskap og etterforsking i Indre Nordmøre. Stillingen krever godkjent politiutdanning og plettfri vandel. Stillingen tilbyr et variert arbeidsmiljø, deltakelse i kriminelle etterforskninger, og en brutto årslønn fra kr. 510 000 til kr. 590 000, avhengig av erfaring.
Vi har for ledig ei fast stilling som politibetjent 3/2/1 ved Indre Nordmøre politistasjonsdistrikt.
Vi søkjer deg som har høg motivasjon for å arbeide i kombinert stilling med vakt og beredskap, etterforsking og førebygging, og som vil vere med på å utvikle polititenesta i Indre Nordmøre politistasjonsdistrikt. Arbeidsstad er for tida Tingvoll politistasjon.
Vi kan tilby eit inkluderande arbeidsmiljø med spennande og varierte arbeidsoppgåver, der vakt og beredskap og etterforsking vil vere ein viktig del.
I delar av døgnet er beredskapen dekt av beredskapsvakt med utrykking frå heimen. På grunn av dette må den som blir tilsett opphalde seg i vaktregionen under tida med beredskapsteneste, og vere i stand til å rykkje ut raskt (ihht. responstid for politiet) i politistasjonsdistriktet Indre Nordmøre. I periodar kan ein måtte pårekne arbeid innan andre tjenesteområde, avhengig av behov i driftseininga.
Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.
Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet.
Vidare søkjer vi etter medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom haldningane og handlingane sine i det daglege arbeidet.
Det er også ønskjeleg med:
For å trivast og lukkast i stillinga, ser vi for oss at det er viktig at du:
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her .
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.
Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her .
Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc
Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.
Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Gunnar Hagen
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Majestetiske fjellområde som Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjellaset naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utligning, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.