Fagsjukepleiar

Elisabeth Hjelle

Korsbrekke

On-site

NOK 700,000 - 900,000

Full time

3 days ago
Be an early applicant

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

God fastlønn
Pensjons- og forsikringsordningar
Tillegg for vidareutdanning

Job summary

Elisabeth Hjelle i Stranda kommune søker ein engasjert fagsjukepleiar som vil bidra til kvalitetsutvikling og kompetanseheving i tenesta. Rollen kombinerer klinisk arbeid med fagutvikling, undervisning og rettleiing, og ein vil vere ein viktig fagleg ressurs for medarbeidarar og avdelingsleiar.

Arbeidstid etter turnus. Arbeidsstad er Sunnylven distrikt med mogleg reise til Geiranger ved behov. Søkjar må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar og god digital kompetanse.

Qualifications

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Relevant klinisk erfaring frå kommunehelsetenesta eller spesialisthelsetenesta.
  • Erfaring med undervisning, rettleiing og kompetanseutvikling av medarbeidarar er ein fordel.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå fagutvikling og kvalitetsarbeid.
  • God digital kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal.
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg.
  • Førarkort klasse B.
  • Politiattest av nyare dato må leggjast fram før tiltreding

Responsibilities

  • Klinisk arbeid i turnus.
  • Gi heilskapleg pleie, omsorg og helsehjelp til brukarar.
  • Ivareta sjukepleiefaglege oppgåver i tråd med gjeldande lovverk og faglege retningslinjer.
  • Bidra til gode relasjonar og samarbeid med brukarar, pårørande og kollegaer.
  • Delta i tverrfagleg samarbeid for å sikre heilskaplege tene ster.
  • Bidra til at tenesta vert utført i samsvar med lovverk, kommunale føringar og fagleg forsvarleg praksis.
  • Bidra til utvikling, implementering og revisjon av rutinar og prosedyre.
  • Bidra til kunnskapsbasert praksis og kvalitetsforbetring.
  • Delta i arbeid med pasientsikkerheit og kontinuerleg forbetring.
  • Bidra til utvikling av framtidsretta arbeidsmetodar og tenester.
  • Medverke ved innføring og vidareutvikling av velferdsteknologiske løysingar.
  • Planleggje og gjennomføre internundervisning og faglege kompetansetiltak.
  • Rettleie medarbeidarar i kliniske kvardagssituasjonar
  • Vere ein fagleg støttespelar i krevjande pasientsituasjonar.
  • Fremje refleksjon, læring og deling av fagkunnskap i personalgruppa.
  • Rettleie medarbeidarar i dokumentasjon og journalføring i tråd med gjeldande lovverk.
  • Bidra til heilskapleg oppfølging av brukarar med samansette helseutfordringar.
  • Styrkje fokus på meistring, eigenomsorg og rehabiliterande arbeidsmetodar

Skills

Norsk autorisasjon
Klinisk erfaring
Undervisning/veiledning
Digital kompetanse
Gode norsk kommunikasjon
Førarkort B

Job description

I Sunnylven distrikt er det 23 omsorgsbustadar og i Geiranger distrikt er det 9 omsorgsbustadar. Det blirgitt heimesjukepleie, praktisk bistand og matombering til bebuarane på omsorgsbustadane, i tillegg til eit varierande antal heimebuande.

Vil du vere med å styrkje fagkompetansen og kvaliteten i helse- og omsorgstenestene?

Vi har ledig nyoppretta100% fast stilling som fagsjukepleiar fra 01.03.2027

Vi søkjer ein engasjert og fagleg sterk sjukepleiar som ønskjer å bidra til kvalitetsutvikling, kompetanseheving og kunnskapsbasert praksis i tenesta. Som fagsjukepleiar vil du vere ein viktig fagleg ressurs for medarbeidarar og avdelingsleiar. Du vil kombinere klinisk arbeid med fagutvikling, undervisning og rettleiing, og bidra til at tenesta utviklar seg i takt med framtidige behov. Arbeidstid etter den til ei kvar tid gjeldande turnus. Arbeidsstad vil vere i Sunnylven distrikt, men ein må pårekne å reise til Geiranger distrikt ved behov. KVIFOR VELGE OSS:

  • Vi vil gjere ein forskjell i brukarane sin kvardag.
  • Vi vektlegg fagleg tryggleik og kvalitet
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte tilsette
  • God variasjon i oppgåver og utfordringar
  • Fokus på trivsel og arbeidsglede
  • Moglegheit for utvikling og fagleg påvirknad
  • Fokus på kompetanseheving og oppgåvedeling
  • Muligheit for vidareutdanning med støtte
  • Ved rekrutteringsutfordringar vil det bli vurdert om arb.gjevar skal dekke utgifter til husleige (helt eller delvis) for ein tidsavgrensa periode
  • Bruk av tilleggsansiennitet kan også bli vurdert som eit rekrutteringstiltak
  • God fastløn
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
Arbeidsoppgåver

Klinisk arbeid

  • Utføre ordinære sjukepleieoppgåver i turnus
  • Gi heilskapleg pleie, omsorg og helsehjelp til brukarar
  • Ivareta sjukepleiefaglege oppgåver i tråd med gjeldande lovverk og faglege retningslinjer
  • Bidra til gode relasjonar og samarbeid med brukarar, pårørande og kollegaer
  • Delta i tverrfagleg samarbeid for å sikre heilskaplege tenester
  • Bidra til at tenesta vert utført i samsvar med lovverk, kommunale føringar og fagleg forsvarleg praksis

Fagutvikling og kvalitetsarbeid

  • Bidra til utvikling, implementering og revisjon av rutinar, prosedyrar og faglege retningslinjer
  • Bidra til kunnskapsbasert praksis og kvalitetsforbetring i tenesta
  • Delta i arbeid med pasientsikkerheit og kontinuerleg forbetring
  • Bidra til utvikling av framtidsretta arbeidsmetodar og tenester
  • Medverke ved innføring og vidareutvikling av velferdsteknologiske løysingar

Undervisning og kompetanseheving

  • Planleggje og gjennomføre internundervisning og faglege kompetansetiltak i samarbeid med avdelingsleiar
  • Rettleie medarbeidarar i kliniske kvardagssituasjonar
  • Vere ein fagleg støttespelar i krevjande og komplekse pasientsituasjonar
  • Fremje refleksjon, læring og deling av fagkunnskap i personalgruppa

Dokumentasjon og pasientoppfølging

  • Rettleie medarbeidarar i dokumentasjon og journalføring i tråd med gjeldande lovverk og faglege retningslinjer
  • Bidra til heilskapleg oppfølging av brukarar med samansette og komplekse helseutfordringar
  • Styrkje fokus på meistring, eigenomsorg og rehabiliterande arbeidsmetodar
Kvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Relevant klinisk erfaring frå kommunehelsetenesta eller spesialisthelsetenesta.
  • Erfaring med undervisning, rettleiing og kompetanseutvikling av medarbeidarar er ein fordel.
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå fagutvikling og kvalitetsarbeid.
  • God digital kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal.
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både skriftleg og munnleg.
  • Førarkort klasse B.
  • Politiattest av nyare dato må leggjast fram før tiltreding
Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Er fagleg engasjert og utviklingsorientert
  • Har gode samarbeidsevner og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Er strukturert, løysingsorientert og initiativrik
  • Er trygg i rettleiing og undervisning av kollegaer
  • Er tolmodig, empatisk og viser respekt for brukarane og pårørande sine ynskje og behov

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der deifleste tenestepensjonarkun vert utbetalt i 10 år, eroffentleg tenestepensjon eiutbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2 % pensjonsinnskot. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.

Kontaktinformasjon

Elisabeth Jelle,Einingsleiar,+47 46411183

Arbeidsstad

Hellesyltvegen 17

6218Hellesylt

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stranda kommune
Referansenr.: 5209137091
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.12.2026

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Vi har nå rekrutteringsstillinger for sykepleierstudenter
Vi har nå rekrutteringsstillinger for sykepleierstudenter

Kjetil Aaseby • Bodø

On-site
NOK 110,000 - 140,000
Gode pensjons- og forsikringsordninger
Deltakelse på personalmøter og sosiale
Sjukepleiar
Sjukepleiar

Twoja Norwegia • Førde

Remote
NOK 540,000 - 660,000
Meningsfylt arbeid
Opplæring
Turnusordning
+2
Helgestilling for sykepleierstudent/sykepleier
Helgestilling for sykepleierstudent/sykepleier

Sara Therese D. Jakobsen • Tønsberg

On-site
NOK 344,000 - 441,000
Låne‑ og forsikringsordninger hos KLP
Kollektiv pensjonsordning i KLP
Gruppelivsforsikring og reiseforsikrin
+1
Ønsker du en meningsfull hverdag? Vi har en ledig fast sykepleierstilling i hjemmebaserte tjenester
Ønsker du en meningsfull hverdag? Vi har en ledig fast sykepleierstilling i hjemmebaserte tjenester

Annlaug Furnes • Kjerrgarden

On-site
NOK 469,000 - 603,000
Gratis parkering
Gode pensjonsordninger
Fri gruppelivs- og ulykkesforsikring
+3
Medisinstudenter 3. og 4. året ønskes til å utføre delegerte sykepleieoppgaver - Sommervikariat 2027
Medisinstudenter 3. og 4. året ønskes til å utføre delegerte sykepleieoppgaver - Sommervikariat 2027

Bemanningsseksjon, Sykehuset i Vestfold HF • Tønsberg

On-site
NOK 246,000 - 335,000
Gode låne- og forsikringsordninger hos
KLP pensjonsordning
Bedriftsidrettslag
Søkjer du faglege utfordringar, er trygg i kliniske vurderingar og ønskjer å jobbe tverrfagleg?
Søkjer du faglege utfordringar, er trygg i kliniske vurderingar og ønskjer å jobbe tverrfagleg?

Tone Fossgård Berg • Ål

On-site
NOK 520,000 - 700,000
Kalenderplan
Fagleg utvikling
Fadderordning
+2
Sjukepleier/vernepleier
Sjukepleier/vernepleier

Helene Stensrud Flatland • Kviteseid

On-site
NOK 550,000 - 750,000
80-100 % fast stilling
Kombostilling mellom avdelingar
Langvakter kvar 4. helg
Sykepleier søkes til nyopprettet seksjon - Stasjonære hjemmetjenester
Sykepleier søkes til nyopprettet seksjon - Stasjonære hjemmetjenester

Birgitte Lystad • Lillestrøm

On-site
NOK 480,000 - 640,000
Sjukepleier/vernepleier
Sjukepleier/vernepleier

Velferd, Kviteseid kommune • Kviteseid

On-site
NOK 560,000 - 760,000
Kombostilling mellom avdelingar
Langvakter kvar 4. helg
Tilpassa turnusordningar
100 % fast stilling som sjukepleiar i nattenesta
100 % fast stilling som sjukepleiar i nattenesta

Gol kommune Gol helsetun institusjon • Gol

On-site
NOK 650,000 - 850,000
Løn og tilsetting etter avtaleverk
Rekrutterings- og behaldetillegg 30 00
Gratis trening på treningssenter
+1
Top locations