Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Stranda kommune søker fagleg leiar i heimetenesta ved Stranda distrikt. Du blir ein sentral ressurs i vidareutviklinga av tenestene, med ansvar for drift, koordinering og implementering av velferdsteknologi.
Du er sjukepleiar med autorisasjon og erfaring frå demensomsorg og tverrfagleg arbeid, og du vil leia ei engasjert gruppe mot betre pasientforløp og tryggleik i heimebaserte tenester.
Brenn du for fagutvikling og lagspel? Bli vår nye fagleiar i heimetenesta! Er du sjukepleiaren som alltid ser etter dei beste løysingane? Vil du vere med på å forme framtidas heimeteneste, der kvalitet, meistring og tryggleik står i fokus? Då har vi jobben for deg!Du er ein fagleg trygg sjukepleiar med eit brennande engasjement for eldreomsorg og primærhelsetenesta. Du blir motivert av å sjå andre lukkast, og du har evna til å nytte nasjonale retningslinjer i praksis. Du likar å halde deg oppdatert på fagfeltet, enten det gjeld demensomsorg, velferdsteknologi, pasienttryggleik eller kliniske prosedyrar.
Vi trur på kontinuerleg forbetring, tverrfagleg samarbeid og å gjere kvarandre gode gjennom erfaringsdeling og ein godt samarbeid i kvardagen.
Stranda distrikt, avdeling heimetenesta tilbyr eit breitt spekter av tenester til innbyggjarar i ulike livsfasar og med ulike behov. Målet vårt er å medverke til at brukarane våre kan bu trygt heime og meistre eigen kvardag så lenge som mogleg.
Heimetenesta i Stranda distrikt er organisert i to soner og har eit sterkt fagmiljø med ei engasjert gruppe som samarbeider tett om å gi gode og heilskaplege tenester.
Vi yter tenester til brukarar som bur i eigen heim, i omsorgsbustader utan fast bemanning, og i bustader med døgnbemanning.
Vi har eit nært samarbeid med sjukeheimen i kommunen.
I tillegg samarbeider vi tett med fysioterapeut, ergoterapeut og hjelpemiddelansvarleg for å sikre heilskaplege, tverrfaglege og koordinerte tenester til brukarane våre.
Som fagleg leiar får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av tenestene våre.
Du blir ein viktig samarbeidspartnar for avdelingsleiar, ein fagleg ressurs for medarbeidarane og ein pådrivar for kvalitet, utvikling og gode pasientforløp.
Drift, koordinering og innovasjon
Dokumentasjon og pasientoppfølging
Rettleiar og inspirator
Fagutvikling innan prioriterte område
Vi ser etter deg som:
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Eit sterkt fagmiljø
Gode utviklingsmoglegheiter
Konkurransedyktige vilkår
Liv Skarbø Gjærde,Eininingsleiar,+47 46411180
Nymarkvegen 58
6200Stranda
Arbeidsgivar: Stranda kommune
Referansenr.: 5195120542
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 29.10.2026