A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Stranda kommune søkjer ny fagleiar i heimetenesta. Stillinga krev norsk autorisasjon som sjukepleiar og evne til å drive faglig utvikling i eldreomsorg og primærhelsetenesta.
Du blir ein viktig ressurs for avdelingsleiar og medarbeidarar, og du skal arbeide tett med koordinerande og tverrfaglege team for å sikre heilskaplege pasientforløp.
Brenn du for fagutvikling og lagspel? Bli vår nye fagleiar i heimetenesta! Er du sjukepleiaren som alltid ser etter dei beste løysingane? Vil du vere med på å forme framtidas heimeteneste, der kvalitet, meistring og tryggleik står i fokus? Då har vi jobben for deg! Du er ein fagleg trygg sjukepleiar med eit brennande engasjement for eldreomsorg og primærhelsetenesta. Du blir motivert av å sjå andre lukkast, og du har evna til å nytte nasjonale retningslinjer i praksis. Du likar å halde deg oppdatert på fagfeltet, enten det gjeld demensomsorg, velferdsteknologi, pasienttryggleik eller kliniske prosedyrar.
Vi trur på kontinuerleg forbetring, tverrfagleg samarbeid og å gjere kvarandre gode gjennom erfaringsdeling og ein godt samarbeid i kvardagen.
Stranda distrikt, avdeling heimetenesta tilbyr eit breitt spekter av tenester til innbyggjarar i ulike livsfasar og med ulike behov. Målet vårt er å medverke til at brukarane våre kan bu trygt heime og meistre eigen kvardag så lenge som mogleg.
Heimetenesta i Stranda distrikt er organisert i to soner og har eit sterkt fagmiljø med ei engasjert gruppe som samarbeider tett om å gi gode og heilskaplege tenester. Vi yter tenester til brukarar som bur i eigen heim, i omsorgsbustader utan fast bemanning, og i bustader med døgnbemanning. Vi har eit nært samarbeid med sjukeheimen i kommunen. I tillegg samarbeider vi tett med fysioterapeut, ergoterapeut og hjelpemiddelansvarleg for å sikre heilskaplege, tverrfaglege og koordinerte tenester til brukarane våre. Som fagleg leiar får du ei sentral rolle i vidareutviklinga av tenestene våre. Du blir ein viktig samarbeidspartnar for avdelingsleiar, ein fagleg ressurs for medarbeidarane og ein pådrivar for kvalitet, utvikling og gode pasientforløp.

Vi ser etter deg som:
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Eit sterkt fagmiljø
Du blir ein del av eit engasjert og tverrfagleg team med høg kompetanse og stor vilje til samarbeid.
Gode utviklingsmoglegheiter
Vi legg til rette for vidareutdanning, kurs og fagleg utvikling.
Konkurransedyktige vilkår
Liv Skarbø Gjærde,Eininingsleiar,+47 46411180
Nymarkvegen 58
6200Stranda
Arbeidsgivar: Stranda kommune
Referansenr.: 5195120542
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 29.10.2026
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.
Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.
Sjukepleiar 100 % i heimesjukepleien - Stordal
Ringstad og Helstad barnehage, Stranda kommune