Una candidatura completa en un minuto
Currículum y carta de presentación personalizados, listos para enviar.
Vest-Telemark vgs tilrettelagt opplæring i Telemark fylkeskommune søker elevrettleiar i vikariat fram til 1. nov. 2027. Stillinga er 70% og involverer oppfølging av elevar; daglege oppgåver som planlegging av ADL og praktisk arbeid både ute og inne.
Du blir ein trygg rollemodell for elevane, samarbeider tett med faglærarar og leiing, og bidrar til eit inkluderande skulemiljø gjennom heile året.
Vest-Telemark vgs tilrettelagt opplæring, Telemark Fylkeskommune
Vi treng fleire folk på laget vårt og har ledig stilling som elevrettleiar. Stillinga er eit vikariat fram til 1.november 2027 og fyller 70% (62,3%). Du jobbar alle dagar heile veka (26 t/v), men har fri i alle helger og i elevane sine feriar med unntak av 5 planleggingdagar i løpet av skuleåret.
Vår visjon er: Alle kan, me hjelper deg fram. I denne stillinga skal du samarbeide om tett oppfylging av elevar som som har indivduelt tilrettelagt opplæring på AHT-avdelinga eller for elevar på dei andre avdelingane som treng støtte i skulekvardagen. Det betyr at du skal vere ein trygg og god vaksen, ein god rollemodell for elevane og du skal gjere deg kjent med tilretteleggingsbehovet for elevane, for å samarbeide med faglærarar, kontaktlærar og leiinga til beste for eleven og skulen.
Til stillinga vil det ligge ansvar for opplæring i ADL-ferdigheiter, planlegge og utføre praktisk arbeid saman med elevar og å delta i variert fysisk aktivitet inne og ute gjennom heile året.
Stillinga ligg til avdeling for tilrettelagt opplæring, men du må vere førebudd på å fylgje opp elevar på alle programområda vi tilbyr:
Utdanning:
Du må ha fullført vidaregåande skule
Det er ynskjeleg at du har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar
Det er ynskjeleg av du har spesialpedagogisk utdanningfråfagskule
Erfaring:
Du bør ha erfaring med opplæring og/eller tilrettelagt arbeid for ungdommar eller vaksne personar
Du bør:
Personlege eigenskapar blir vektlagt
I denne stillinga har du rett på ein av dei sikraste pensjonsordningane i landet: offentleg tenestepensjon. Der de fleste tjenestepensjonar berre blir utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut! Pensjonen inkluderer og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du også medlemspris og gunstige vilkår på ei rekke bank-, forsikring- og spareprodukt. Du finn meir informasjon på heimesida til KLP (klp.no)
Skulen har nært samarbeid med lokalt næringsliv og offentlege arbeidsplassar.