Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Universitetet i Bergen søkjer ein prosjektøkonom/rådgjevar til Det samfunnsvitskapelige fakultet. Vi tilbyr eit regionalt og internasjonalt arbeidsmiljø, med varierte prosjektrettede oppgåver og tett samarbeid med institutta og leiinga.
Du vil ha hovudansvar for prosjektporteføljen ved einskilt institutt eller fleire, infrastructur og økonomistyring, og rapportering til finansierarar. Løn etter kode 1363 og trygg opent arbeidsmiljø blir tilbudt.
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei fast stilling som prosjektøkonom ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Fakultetet er organisert i ulike fellesadministrative einingar og seksjonar.
Stillinga er knytt til fakultetet sin Seksjon for økonomi og forskingsstøtte, men hovudarbeidsplassen vil være ved eitt eller fleire av våre institutt. Du vil og samarbeide tett med dei andre økonomane i seksjonen. Som prosjektøkonom vil du få særskild ansvar for prosjektporteføljen for eit eller fleire institutt. Den som blir tilsett vil få varierte og sjølvstendige arbeidsoppgåver og arbeide nært med instituttleiinga og med våre forskarar i eit internasjonalt miljø.
Stillinga sitt innhald kan verte endra som følgje av eininga sitt behov og kontinuerlege utviklingsarbeid
Personlege eigenskapar naudsynte for stillinga vil bli særskild vektlagt.
Utfyllende opplysninger om stillinga kan ein få ved å vende seg til assisterande fakultetsdirektør Vibeke Irgan, mob 926 03 364, e-post:vibeke.irgan@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar fra kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).