Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Bjørnafjorden brann og redning søkjer brannkonstabel ved beredskapsavdelinga på Os. 100% fast stilling (+ 3% vakt) og dagberedskap 08:00–15:30 måndag–fredag, samt ein 4-delt rotasjon med heimevakt kvar 4. veke.
Arbeidsoppgåver inkluderer brann-, ulukke- og redningsoppdrag, trening, instruktør- og kurshaldaroppgåver, arbeid med barn og unge, utstyrshald og fagansvar. Søkjar må ha relevant utdanning, god helse, førarkort, svømmedyktig og gode norskkunnskapar.
Bjørnafjorden brann og redning har ledig 100%fast stilling(+ 3% vaktstilling) som brannkonstabel ved beredskapsavdelinga på Os. Brannkonstabelen utgjer ein del av dagberedskapen.
Hovudstillinga som brannkonstabel inneber å dekke beredskapen på dagtid frå 08:00-15:30 måndag til fredag. Utover dette går du i ein 4-delt rotasjon med heimevakt kvar 4. veke - måndag til måndag. Det inneber å vere i beredskap heile døgnet den veka du har vakt. I tillegg øver vaktlaga 58,5 timar i året, dette utgjer 3% stilling.
Du må delta i dreiande vaktordning (heimevakt) kvar fjerde veke, samt bære varslingseining(radio) på fritida.
Du må habustad i nærleiken av Os brannstasjon på Moberg, avstandskrav til brannstasjonen etter gjeldande brannordning.
Uttømmende politiattest krevst ved tilsetjing i samsvar med Brann- og eksplosjonsvernslova, kap. 2, § 18. – Politiattest
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Det vert lagt vekt på dine personlege eigenskapar og evne til å arbeide i team.
Alle kandidatar som går vidare i rekrutteringsprosessen må gjennom eit fysisk opptak.
Vi gjer merksam på at det kan avtalast bindingstid dersom kommunen yter vesentleg økonomisk støtte til opplæring. Bindingstida kan vere på inntil to år, jf. Hovudtariffavtalen.
Vi oppmodar kvinner og personar med minoritetsbakgrunn til å søke.
Etter utløpt søknadsfrist vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak fra innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje, vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?