A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Bjørnafjorden brann og redning søker en brannkonstabel ved beredskapsavdelinga på Os. Dagberedskap 08:00–15:30, mandag til fredag, og ein 4-delt rotasjon med heimvakt kvar 4. veke.
Øving krevst 58,5 timar årlig med 3% stilling, og ein må vere i beredskap heile døgnet i vaktveka. Arbeidsstaden er Moberg brannstasjon; krav er fullført fagskoleutdanning eller tilsvarande, god helse, røykdykkarkrav, B-kort og C-kort innan eitt år, svømmedykt, og gode norskkunnskapar.
Bjørnafjorden brann og redning har ledig 100%fast stilling(+ 3% vaktstilling) som brannkonstabel ved beredskapsavdelinga på Os. Brannkonstabelen utgjer ein del av dagberedskapen.
Hovudstillinga som brannkonstabel inneber å dekke beredskapen på dagtid frå 08:00-15:30 måndag til fredag. Utover dette går du i ein 4-delt rotasjon med heimevakt kvar 4. veke - måndag til måndag. Det inneber å vere i beredskap heile døgnet den veka du har vakt. I tillegg øver vaktlaga 58,5 timar i året, dette utgjer 3% stilling.
Du må delta i dreiande vaktordning (heimevakt) kvar fjerde veke, samt bære varslingseining(radio) på fritida.
Du må habustad i nærleiken av Os brannstasjon på Moberg, avstandskrav til brannstasjonen etter gjeldande brannordning.
Uttømmende politiattest krevst ved tilsetjing i samsvar med Brann- og eksplosjonsvernslova, kap. 2, § 18. – Politiattest
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Det vert lagt vekt på dine personlege eigenskapar og evne til å arbeide i team.
Alle kandidatar som går videre i rekrutteringsprosessen må gjennom eit fysisk opptak.
Vi gjer merksam på at det kan avtalast bindingstid dersom kommunen yter vesentleg økonomisk støtte til opplæring. Bindingstida kan vere på inntil to år, jf. Hovudtariffavtalen.
Vi oppmodar kvinner og personar med minoritetsbakgrunn til å søke.
Etter utløpt søknadsfrist vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje, vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.