Get a reply from this employer
Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.
Helse Fonna HF i Haugesund søkjer to sjukepleiarar i 100% vikariat ved Nevrologisk sengepost. Stillinga krev tredelt turnus og nattevakter kan bli påregna. Avdelinga arbeider tett i tverrfaglege team og får variert pasientmateriale frå akutt til rehabilitering.
Tilsett får opelegg til vidareutdanning, kurs og fagleg utvikling, med fokus på trygg behandling og godt arbeidsmiljø. Søknadsfrist 25.11.2026. Oppstart ønskelig i 2027.
Vi har no ledig to vikariat som sjukepleiar i 100%, 3-delt turnus ved Nevrologisk sengepost.
Arbeidet vil være som sjukepleiar i tredelt turnus, fulltid. Nattevakter må påregnes.
Nevrologisk avdeling består i dag av poliklinikk, EEG laboratorium og ein sengepost. På sengeposten har vi per dags dato 14 sengeplassar, 6 på slagseksjonen og 8 på generell nevrologisk seksjon. Vi har fokus på akutt behandling og tidleg rehabilitering. Vi har derfor tett samarbeid med andre faggrupper som fysio-ergo- terapeut, logoped med meir. Vi har fokus på fag og kvalitet. Kursdagar og personalmøter ligg fast i turnus.
Fra april/mai 2027 flytter vi sammen med geriatrisk sengepost, til ein større felles sengepost for nevrologi og geriatri. Denne vil ha totalt 20 sengeplassar; 8 på generell nevrologisk seksjon, 6 på slagseksjonen og 6 på geriatrisk seksjon. Stillingane blir dermed på sengepost for nevrologi og geriatri fra april/mai 2027.
Nevrologi er eit spennande fagfelt som stadig er i utvikling. Vi behandlar både akutte og kronisk sjuke pasientar, som slag, parkinson, MS, migrene og epilepsi. Det er hos oss viktig å sjå heile mennesket, både dei fysiske problema men også dei psykososiale. Å jobba hos oss gir varierte arbeidsdagar. Du kjem i kontakt med gode kollegaer, og får ansvar for både pasientar og pårørande deira.
Geriatrisk post utgreiar og behandlar eldre pasientar med samansatte og komplekse sjukdomsbildar. Vanlege problemstillingar er svimmelhet, hukommelsesvanskar, delirium, akutt funksjonssvikt, infeksjonar, polyfarmasi og ernæring. Arbeidet er tverrfagleg og variert, med mål om å bidra til best mogleg behandling og forbedring av funksjonsnivå og pasientforløp. Du får arbeide med eit bredt spekter av medisinske problemstillingar og får moglegheit til å utvikle kompetanse innan generell indremedisin og geriatri.
Høyrest dette spennande ut? Vi håper du har lyst til å bli med oss
Snarleg oppstart er ønskelig.
Vi ser etter deg som:
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Håvard Lauritsen Øvrebø,Funksjonsleder,94841871,havard.lauritsen.ovrebo@helse-fonna.no
Karmsundgata 120
5528HAUGESUND
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5199132870
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 18.01.2027
Sluttdato: 31.01.2028
Søknadsfrist: 25.11.2026