Erhalte eine Antwort von diesem Arbeitgeber
Dein Lebenslauf und dein Anschreiben, genau auf das zugeschnitten, was gesucht wird.
Vågå kommune søkjer lærar til Vågåmo skule i eit 100 % vikariat frå 1. januar 2027 til 31. desember 2027. Undervis i basisfaga norsk, matematikk og engelsk og bidra til betre læring og utvikling i eit godt læringsmiljø.
Vågå kommune bruker nynorsk som skriftspråk, og det vert vektlagt at søkjar gir opp referansar. Søkjarar må vere løysingsorienterte, ha god digital kompetanse og gode norskkunnskapar.
Vi søker lærar som vil vera med og videreutvikle Vågåskulen.
Våre overordna mål er:
Ein kollektivt orientert skule med vekt på trivsel, samskaping, inkludering og lokal identitet.
Ein skule som arbeider systematisk for å betre eleven si læring og utvikling.
Satsingsområde i Vågåskulen:
Tidleg innsats
Forpliktande samarbeid heim/skule
Samarbeid på tvers av steg
Vi søker etter ein engasjert lærar som:
er sterk på klasseleiing og relasjonsbygging
har god digital kompetanse og erfaring i bruk av digitale verktøy i
undervisninga
er løysingsorientert og har evne til fleksibilitet
er god på samarbeid
gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)
Vågå kommune nyttar nynorsk som skriftspråk
Stabilitet og personlege eigenskapar blir vektlagt, saman med utdanning og praksis. Det er ønskeleg at den som søker gir opp referansar i søknaden.
Vi søker primært etter grunnskulelærar, men også godkjent undervisningskompetanse (PPU) vil ved særskilte fagbehov bli vurdert.
Vågåmo skule søkjer etter lærar i eit 100 % vikariat i perioden 1. januar 2027 til 31. desember 2027. Dersom aktuell kandidat har høve til det, kan stillinga tiltredast før oppsett startdato.
Ønskje om kompetanse/fag:
Basisfaga norsk, matematikk og engelsk.
Kompetanse eller erfaring innanfor arbeid med norsk 2.
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.