A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
Vågåmo skule søkjer ein engasjert lærar som kan vera med og vidareutvikle Vågåskulen. Skulen er kollektivt orientert, med vekt på trivsel, samskaping, inkludering og lokal identitet, og søker ein som er trygg i klasseleiing og relasjonsbygging.
Stillinga er eit 100 % vikariat frå 1. januar 2027 til 31. desember 2027, med mogleg tidlegare oppstart. Basisfaga er norsk, matematikk og engelsk, og framlegg av vitnemål/attestar og referansar blir nytta i sakshandsaminga.
Vi søker lærar som vil vera med og videreutvikle Vågåskulen.
Ein kollektivt orientert skule med vekt på trivsel, samskaping, inkludering og lokal identitet.
Vi søker etter ein engasjert lærar som:
er sterk på klasseleiing og relasjonsbygging
er god på samarbeid
gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)
Vågå kommune nyttar nynorsk som skriftspråk
Stabilitet og personlege eigenskapar blir vektlagt, saman med utdanning og praksis. Det er ønskeleg at den som søker gir opp referansar i søknaden.
Vågåmo skule søkjer etter lærar i eit 100 % vikariat i perioden 1. januar 2027 til 31. desember 2027. Dersom aktuell kandidat har høve til det, kan stillinga tiltredast før oppsett startdato.
Basisfaga norsk, matematikk og engelsk.
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Referansar vil bli nytta, og dei søkjarane som blir vurdert som aktuelle vil bli kalla inn til individuelle intervju.
Vågå kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksam på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Vågå kommune ligg i Nord-Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane, omtrent midt mellom Oslo og Trondheim, med ei reisetid til begge på knappe 4 timar, så vel med bil som med tog eller buss. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.
Vi meiner at det er viktig med ein god balanse mellom jobb og fritid -- med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av i både skog og fjell: det finst gode jakt- og fiskemoglegheiter. Den rurale bygda har i tillegg fleire idrettsanlegg med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.