Consigue una respuesta de este empleador
Tu currículum y tu carta de presentación, adaptados exactamente a lo que buscan contratar.
Helse Fonna HF søkjer fagarbeidar innan logistikk som vil vere med på å sikre god pasientbehandling gjennom effektiv logistikk og vareflyt ved Haugesund sjukehus. Arbeidet går føre seg dagtid, måndag til fredag, med fysisk krav og høg servicegrad.
Du bør ha fagbrev i logistikk eller service/helsefag, erfaring med logistiske verktøy som SAP, og god norsk (muntleg og skriftleg). Ein inkluderande arbeidskultur og gode utviklingsmoglegheiter ventar deg.
Vil du vere med og sikre god pasientbehandling gjennom smart og effektiv logistikk?Ved Forsyningseininga søkjer vi no ein fagleg engasjert, serviceinnstilt og lærevillig fagarbeidar innan logistikk. Hos oss får du ein aktiv og variert arbeidskvardag med ei viktig rolle i drifta av sjukehuset.Forsyningseininga har ansvar for logistikk og forsyning av eingongsforbruksmateriell som sjukehuset er avhengig av kvar einaste dag. Vi tek imot varer, følgjer opp bestillingar og sørgjer for at avdelingane har det dei treng for å kunne gi god behandling til pasientane. Logistikken vår er ein viktig del av sjukehuskvardagen, og dei siste åra har ansvarsområdet vårt blitt både meir synleg og meir sentralt.Hos oss får du jobbe tett på vareflyten og vere ein del av eit fagmiljø som er oppteke av kvalitet, utvikling og kontinuerleg forbetring. Vi er ein inkluderande og driftig gjeng som verdset samarbeid, initiativ og nye idéar.Arbeidsdagen er på dagtid frå måndag til fredag. Du vil vere i rørsle gjennom store delar av dagen og ha kontakt med mange ulike avdelingar. Difor trivst du med ein aktiv arbeidskvardag, likar å ta ansvar og ser verdien av orden og system. For å lukkast i rolla er det viktig at du har god digital forståing, er lærevillig og ser samanhengen mellom godt logistikkarbeid og god pasientbehandling.Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til utvikling, som er open for endringar og som har lyst til å vere med på å gjere ein forskjell kvar dag.
Vi oppfordrar alle søkerar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning fra utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.
Natalia Soto,
Avdelingsleiar logistikk HFO,
40613860 Arbeidsstad
Karmsundgata 120 5528
HAUGESUND
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5201945368
Stillingsprosent: 100%
Fast Søknadsfrist: 10.12.2026