Consigue una respuesta de este empleador
Tu currículum y tu carta de presentación, adaptados exactamente a lo que buscan contratar.
Helse Stavanger seier ja til ein fagarbeidar innan logistikk som vil ha ansvar for varemottak, registrering og planlegging av vareleveransar til sentrallager og avdelingar ved Haugesund-sjukehuset. Du vil bidra til effektiv vareflyt og god pasientbehandling gjennom systematisk lagerstyring og kontinuerlege forbedringar.
Det er eit aktivt fagmiljø som verdset samarbeid, initiativ og pålitelegheit, med fokus på kvalitet og utvikling i logistikkprosessane.
Vil du vere med og sikre god pasientbehandling gjennom smart og effektiv logistikk?
Ved Forsyningseininga søkjer vi no ein fagleg engasjert, serviceinnstilt og lærevillig fagarbeidar innan logistikk. Hos oss får du ein aktiv og variert arbeidskvardag med ei viktig rolle i drifta av sjukehuset.
Forsyningseininga har ansvar for logistikk og forsyning av eingongsforbruksmateriell som sjukehuset er avhengig av kvar einaste dag. Vi tek imot varer, følgjer opp bestillingar og sørgjer for at avdelingane har det dei treng for å kunne gi god behandling til pasientane. Logistikken vår er ein viktig del av sjukehuskvardagen, og dei siste åra har ansvarsområdet vårt blitt både meir synleg og meir sentralt.
Hos oss får du jobbe tett på vareflyten og vere ein del av eit fagmiljø som er oppteke av kvalitet, utvikling og kontinuerleg forbetring. Vi er ein inkluderande og driftig gjeng som verdset samarbeid, initiativ og nye idéar.
Arbeidsdagen er på dagtid fra måndag til fredag. Du vil vere i rørsle gjennom store delar av dagen og ha kontakt med mange ulike avdelingar. Difor trivst du med ein aktiv arbeidskvardag, likar å ta ansvar og ser verdien av orden og system. For å lukkast i rolla er det viktig at du har god digital forståing, er lærevillig og ser samanhengen mellom godt logistikkarbeid og god pasientbehandling. Vi ser etter deg som ønskjer å bidra til utvikling, som er open for endringar og som har lyst til å vere med på å gjere ein forskjell kvar dag.
Vi ønskjer deg velkommen til å søkje stilling som fagarbeidar innan logistikk i helsevesenet!
I tillegg vil det vera positivt dersom du har:
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi oppfordrar alle søkerar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mulig. Har du utdanning fra utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Helse Fonna har rundt 4500 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.