A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Helse Bergen søkjer ein engasjert matvert til ei 15% fast stilling ved ein av våre matstover på Haukelandsområdet. Stillinga inngår i turnus med dag- og kveldsvakter, og arbeid kvar tredje helg.
Matstovene er open frå kl. 07.00 - 21.30 alle dagar. Her ønskjer vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader, med fokus på mat som medisinsk tiltak.
Er du glad i mat, menneske og gode serviceopplevingar? Då kan dette vere jobben for deg!
Helse Bergen søkjer ein engasjert og serviceinnstilt matvert til ei 15% fast stilling ved ein av våre matstover på Haukelandsområdet. Stillinga inngår i turnus med dag- og kveldsvakter, og arbeid kvar tredje helg.
Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
Hospitaldrift leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til kjerneverksemda som behandlar pasientar. Avdelinga har 790 engasjerte medarbeidarar, har eit breitt samansett fagmiljø og geografisk spreiing. Forbetrings- og serviceundersøking viser at me har nøgde medarbeidarar og brukarar.
Helse Bergen har gjennom satsinga si på ernæring vedteke etablering av Spisestua. Dette er eit konsept der kjøkkenfagleg personell slutt-tilverkar maten til pasientane ute i klinikken. Målet er at kjøkkenfagleg personell skal komma i nærare kommunikasjon med pasienten for å tilpassa kvar enkelt ernæringsbehovet sitt. Hospitalsdrift Matforsyning har ansvar for matstovene som finst for fleire avdelingar.
Matstovene er open frå kl. 07.00 - 21.30 alle dagar. Her ønsker vi å tilby pasientane freistande mat i hyggelege omgjevnader. Vi ønsker å bidra til at måltidet blir eit av dagens høgdepunkt for pasientane. Matvertane tar seg av bestilling, slutt-tilverking, anretning av mat, oppvask og rydding. Per i dag er det 22 matstover.
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av flere tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook .
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.