Bli kokken som set smak på helsa!

Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Matforsyning, Helse Bergen HF

Bergen

On-site

NOK 420,000 - 520,000

Full time

14 days+

A complete application in a minute

Tailored resume and cover letter, ready to send.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Ein trygg, stabil arbeidsplass
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mat er ein del av behandlinga

Job summary

Hospitaldrift Matforsyning ved Haukeland universitetssjukehus søker kokk til produksjonskjøkkenet. Du blir del av eit fagleg sterkt miljø og arbeidar med å utvikle måltid som støttar pasientane. Produksjon av spesialkost, oppmåling av råvarer og drift av produksjonslinja står på planen.

Vi ser etter engasjert og lagspelar med god ordenssans, fleksibel og fagleg engasjert. Jobben krev evne til både sjølvstendig arbeid og teamarbeid i eit travelt storkjøkken.

Qualifications

  • Fagbrev som kokk
  • Erfaring frå institusjonskjøkken er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Grunnleggande datakunnskap
  • Kjennskap til IK-mat og HMS
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg (må kunne dokumenterast)

Responsibilities

  • Produksjon av nøkkelrådskost og ulike typar spesialkost
  • Tilrettelegging og oppveging av råvarer
  • Drift av produksjonslinje, inkludert oppstart og innstilling av utstyr
  • Pakking- og distribusjon av måltid til interne og eksterne kundar
  • Andre varierte oppgåver som naturleg høyrer kjøkkendrift til

Skills

Gode norskkunnskapar
Grunnleggande datakunnskap
Kjennskap til IK-mat og HMS
Erfaring frå institusjonskjøkken

Education

Fagbrev som kokk

Job description

Vil du lage mat som betyr noko – kvar einaste dag?

Hospitaldrift Matforsyning ved Haukeland universitetssjukehus er eit av Noregs største produksjonskjøkken. Kvar dag lagar vi rundt2 700 porsjonartil pasientar, pårørande og tilsette – mat som både skal gi energi, tryggleik og ei god oppleving i ein viktig fase av livet.

Som kokk hos oss blir du ein del av eit solid fagmiljø og eit inkluderande arbeidsmiljø med høg kompetanse. Du får moglegheit til å bruke fagkunnskapen din aktivt, bidra med nye idear og vere med på å utvikle produkt og løysingar som er tilpassa kjøkkenet sin logistikk og produksjonsmetodar, der kvalitet, smak og ernæring står sentralt.

Vi ser etter deg som er engasjert, samarbeidsorientert og har stoltheit i faget ditt. Du blir motivert av å jobbe i team og ønsker å vere med på å styrke mattilbodet og skape gode måltidsopplevingar for pasientane våre

Om oss Hospitaldrift er ei avdeling med rundt 700 medarbeidarar fordelt på sju einingar. Matforsyning har ca. 160 tilsette og forvaltar eit betydeleg driftsbudsjett. Vi arbeider målretta med kvalitet, matglede og vidareutvikling av konseptet“Mat som medisin”, som er eitt av føretaket sine strategiske satsingsområde. Eininga har som hovudoppgåve å ivareta produksjon, utvikling og distribusjon av mat til pasientar, pårørande og tilsette ved Haukeland universitetssjukehus, samt til andre einingar i Helse Bergen og omliggande kommunar.

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk Divisjon i Helse Bergen HF, og leverer ikkje-medisinske tenester og -produkt til føretaket. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transporttenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester.

Arbeidsoppgåver
  • Produksjon av nøkkelrådskost og ulike typar spesialkost
  • Tilrettelegging og oppveging av råvarer
  • Drift av produksjonslinje, inkludert oppstart og innstilling av utstyr
  • Pakking- og distribusjon av måltid til interne og eksterne kundar
  • Andre varierte oppgåver som naturleg høyrer kjøkkendrift til

Her får du jobbe i eit moderne storkjøkkenmiljø med høg fagkompetanse og tydelege rutinar – og du blir del av eit team som har stoltheit i faget.

Kvalifikasjonar
  • Fagbrev som kokk
  • Erfaring frå institusjonskjøkken ein fordel, men ikkje eit krav
  • Grunnleggande datakunnskap
  • Kjennskap til IK-mat og HMS
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg (må kunne dokumenterast)
Personlege eigenskapar
  • Har god orden og trivst med struktur
  • Kan jobbe både sjølvstendig og i team
  • Er fleksibel og handterer hektiske periodar på ein god måte
  • Er fagleg engasjert og likar å bidra til kvalitet og utvikling
  • Jobbar effektivt, planmessig – og tåler fysisk arbeid
Vi tilbyr
  • Ein trygg, stabil og meiningsfull arbeidsplass
  • Eit triveleg miljø i ein stor og fagleg sterk kjøkkenorganisasjon
  • Moglegheit til å bidra i eit viktig arbeid dermat er ein del av behandlinga
  • Lønn etter gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordraralle søkarartil å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Jarle Egeland,Seksjonsleiar, jarle.egeland@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5188214393

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 18.10.2026

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Kokk ved produksjonskjøkken på Samnangerheimen

Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Bli kokken som set smak på helsa!
Bli kokken som set smak på helsa!

Helse Stavanger • Bergen

On-site
NOK 520,000 - 700,000
Pensjonsordningar
Forsikringsordningar
Engasjert Matvert
Engasjert Matvert

Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Matforsyning, Helse Bergen HF • Bergen

On-site
NOK 45,000 - 60,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Spennande arbeidsplass – MAT SOM MEDIS
Lønn i samsvar med gjeldende overens-
Engasjert Matvert
Engasjert Matvert

Helse Stavanger • Bergen

Hybrid
NOK 54,000 - 78,000
Pensjonsordning
Forsikring
Engasjert Matvert
Engasjert Matvert

Tom Jari Pakkala • Bergen

On-site
NOK 240,000 - 320,000
Pensjonsordningar
Forsikringsordningar
Driftskoordinator Forsyningstenesta
Driftskoordinator Forsyningstenesta

Forsyningstjenesten, Helse Bergen HF, Drift- /teknisk divisjon • Bergen

On-site
NOK 520,000 - 680,000
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Eit meningsfylt arbeid som gir person…
Ernæringskokk
Ernæringskokk

Arbeidsplassen • Namsos

On-site
NOK 234,000 - 290,000
Gruppelivsforsikring
Ulykkesforsikring
KLP pensjonsordning
Ernæringskokk
Ernæringskokk

Helse Midt-Norge RHF • Namsos

On-site
NOK 420,000 - 540,000
Lønn i henhold til overenskomst
Gruppelivsforsikring og ulykkesforsikr
KLP pensjonsordning
Assistent/ Fagarbeidar
Assistent/ Fagarbeidar

Drift-teknisk divisjon/ Tekstilforsyning produksjon, Helse Bergen HF • Bergen

On-site
NOK 420,000 - 560,000
Godt arbeidsmiljø
Teamarbeid
Reinhaldar til fast helgestilling
Reinhaldar til fast helgestilling

Renhold seksjon 6, Helse Bergen HF, Drift- /teknisk divisjon • Bergen

On-site
NOK 67,000 - 100,000
Lønn etter overenskomst
Godt arbeidsmiljø
Bedriftsidrettslag
+1
Kjøkkenassistent
Kjøkkenassistent

Dtek kjøkken, Nordlandssykehuset HF • Bodø

On-site
NOK 320,000 - 420,000
Gode pensjonsordninger i KLP
Overenskomster og avtaler
Godt arbeidsmiljø