Enable job alerts via email!
En ledende institusjon for barnevern søker en engasjert enhetsleder i Bergen. Du vil ha ansvar for drift og utvikling av et nytt barnevernssenter, samt sørge for tverrfaglig samarbeid og oppfølging av ansatte. Stillingskoden er 1493, med en lønn fra kr 850.000 – 1.000.000. Søkere med relevant erfaring og utdanning oppfordres til å søke.
Vil du leie eit nytt senter med eit viktig samfunnsoppdrag – for å ivareta barn sine samla behov på best mogleg måte? Vi slår no saman fire avdelingar innan omsorg og åtferd høg til eitt senter i eit geografisk avgrensa område i Fana og Ytrebygda. Målet er å skape ein heilskapleg struktur som gjer oss i stand til å møte breidda i barn sine behov – på ein fleksibel og berekraftig måte.
Senteret er ein del av ei nasjonal utprøving i tråd med tilrådingane i NOU 2023: Med barnet heile vegen. Dette gir deg ei unik moglegheit til å vere med og forme framtidas institusjonsbarnevern – eit arbeid som kan få tyding langt utover denne rolla.
Motivasjon for samfunnsoppdraget og våre verdiar – respekt, openheit og deltaking – er sentralt i rolla.
Som leiar for senteret får du ansvar for å vidareutvikle og forme eit samla fagmiljø med høg kompetanse. Ressursane skal brukast på tvers for å sikre best mogleg oppfølging av kvart enkelt barn. Vi ønskjer å hindre unødvendige flyttingar og bidra til stabile relasjonar til BUP, skule, nettverk og andre viktige samarbeidspartnarar. Dette er ei spennande leiarrolle for deg som blir motivert av utviklingsarbeid, tverrfagleg samarbeid og som ønskjer å gjere ein forskjell for barn og unge med komplekse behov.
Som einingsleiar vil du ha det overordna ansvaret for vårt nyoppretta senter, med underliggande barnevernsinstitusjonar.
Det inneber at du:
For å lykkast med oppdraget treng me gode verktøy. Me har gode rammeverk og verktøy for å ta hand om oppdraget vårt på institusjon for ulike målgrupper. Me har og regionale rettleiingsstrukturar.
Dette må du ha:
Dette ønskjer vi at du har:
Du må like ungdomar som utfordrar, og du klarer å motivere deg sjølv og dei tilsette til å stå i krevjande situasjonar. For oss er det også svært viktig korleis du som person eigner deg til jobben, der vi legger særleg vekt på tydelegheit, systematikk, gjennomføringsevne samt relasjonelle og inkluderande ferdigheiter.
Derfor ser vi etter deg som kjenner deg igjen i følgjande:
Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1493 Leiar, med løn frå kr 850.000 – 1.000.000 pr. år. Løn vurderast etter utdanning og erfaring. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast
Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Opplysningar til deg som søker:
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.
For å bli vurdert som søkar, må du legga ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du legga ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Therese Hope, Avdelingsdirektør,46615599
Alette Hilton Knudsen, Stabsdirektør,91337060,alettehilton.knudsen@bufetat.no
Solheimsgaten 11
5058 Bergen
Arbeidsgiver: Bufetat
Referansenr.: 5020625288
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.10.2025
Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.