Driftseiningsleiar

Kenneth Sætre

Ålesund

On-site

NOK 1,200,000 - 1,250,000

Full time

14 days+

Get a reply from this employer

Your resume and cover letter, tailored to exactly what they’re hiring for.

Get past ATS filters

Benefits offered by this job

Fast stilling
Pensjonsordning i Statens pensjonskass
Trening i arbeidstida
Fleksibel arbeidstid

Job summary

PST i Møre og Romsdal søkjer ein engasjert politiinspektør som leiar for distriktet. Stillinga er plassert i Ålesund eller Kristiansund og inkluderer ansvar for tryggleik, mellom anna rapportering og strategisk støtte til politimeisteren.

Du vil ha budsjetttil ansvar, personalforvaltning, og bidra til nasjonale strategiutvikling i PST. Ein viktig del er å byggje kompetanse og utvikle eit godt arbeidsmiljø i eininga.

Qualifications

  • Dette må du ha for å vere kvalifisert:
  • Bestått Politihøgskolen eller mastergrad i rettsvitenskap/juridisk embetseksamen
  • Relevant leiarfaring
  • God resultatoppnåing frå tidlegare stillingar
  • God forståing for lovmessige moglegheiter og avgrensingar
  • God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk
  • Pletti fri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest må hentast inn ved tilsetting
  • Må kunne kunne bli klarert og autorisert for Strengt hemmelig og Nato Secret

Responsibilities

  • Du skal leggje til rette for at eininga bidreg til å handtere dei mest alvorlege truslane mot tryggleiken i riket lokalt og nasjonalt.
  • I tillegg skal du initiere og leggje til rette for god samhandling på tvers av PST sine distriktseiningar og DSE.
  • Eit velfungerande og tett samarbeid med politiet og andre relevante partnarar er også av høg viktigheit og forventa.
  • Du vil vere ansvarleg for rapportering, samt operativ og strategisk avgjerdsstøtte til politimeisteren og Sjef PST.
  • I tillegg skal du bidra til å utvikle og gjennomføre nasjonale strategiar i PST.
  • Du vil også ha budsjett-, resultat- og personalansvar for eininga, inkludert ansvar for effektiv ressursutnytting, måloppnåing og høg kvalitet i tenesteproduksjonane.

Skills

Gode kommunikasjonsferdigheter
Ledarerfaring
Etisk integritet
Politiets sikkerhetserfaring

Education

Politi(høg)skolen eller mastergrad i rettsvitenskap/juridisk embetseksamen

Job description

Om stillinga

Vil du leie PST Møre og Romsdal?

Vi søkjer ein engasjert og strategisk leiar til stillinga som politiinspektør med ansvar for PST si verksemd i Møre og Romsdal.

Stillinga er ein del av leiargruppa til politimeisteren og er stadsplassert i Ålesund eller Kristiansund.

Politiets sikkerhetstjeneste (PST) er den nasjonale etterretnings- og tryggingstenesta i Noreg og har ei viktig rolle i å verne demokratiet, borgarane og dei vitale samfunnsinteressene. PST er ei fleirfagleg teneste med behov for variert kompetanse. PST er fagleg leia av Den sentrale enhet (DSE) i Oslo. PST har distriktskontor i alle politidistrikt i landet, og PST sitt samfunnsoppdrag lokalt blir tatt hand om av politimeisteren i Møre og Romsdal gjennom PST si distriktseining.

Er du klar for å bidra til dette viktige arbeidet i ein utfordrande og meningsfull leiarposisjon? Då kan dette vere stillinga for deg.


Dette ser vi etter hos ein ny leiar

Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, motivasjon, arbeidsmoral og etisk integritet. Vidare at ein opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som ein god ambassadør for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet. Evne til å vere trygg, nærverande, lydhøyr og å byggje tillit til publikum, er avgjerande for suksess i organisasjonen vår.

I vår vurdering av kandidatar er mellom anna dette noko vi vil leggje vekt på, i tillegg til evne til å sørgje for eit inkluderande og respektfullt arbeidsmiljø.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken.Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.


Arbeidsoppgåver

Du skal leggje til rette for at eininga bidreg til å handtere dei mest alvorlege truslane mot tryggleiken i riket lokalt og nasjonalt.

I tillegg skal du initiere og leggje til rette for god samhandling på tvers av PST sine distriktseiningar og DSE. Eit velfungerande og tett samarbeid med politiet og andre relevante partnarar er også av høg viktigheit og forventa. Du vil vere ansvarleg for rapportering, samt operativ og strategisk avgjerdsstøtte til politimeisteren og Sjef PST. I tillegg skal du bidra til å utvikle og gjennomføre nasjonale strategiar i PST.

Du vil også ha budsjett-, resultat- og personalansvar for eininga, inkludert ansvar for effektiv ressursutnytting, måloppnåing og høg kvalitet i tenesteproduksjonane. Som leiar i PST har du også ansvar for at medarbeidarane har kunnskapen, ferdigheitene og haldningane som varetar tryggleiken i PST.

Det skal vere godt og givande å jobbe i PST. Det er derfor viktig at du evner å vedlikehalde og utvikle arbeidsmiljøet i PST Møre og Romsdal i tråd med den kulturen og dei verdiane vi ønskjer. Ved å fokusere på strategisk kompetanseutvikling vil du vere ansvarleg for å byggje kompetansen til eininga i tråd med den forventa utviklinga i trusselbiletet.

Det vil nærmare bli gjort greie for andre arbeidsoppgåver under intervjuet.


Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • bestått Politi(høg)skolen eller mastergrad i rettsvitenskap/juridisk embetseksamen
  • relevant leiarfaring
  • god resultatoppnåing fra tidlegare stillingar
  • god forståing for lovmessige moglegheiter og avgrensingar
  • god munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk og engelsk
  • plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jamfør politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein rekne med at det blir henta inn opplysningar fra enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga
  • må kunne kunne bli klarert og autorisert for Strengt hemmelig og Nato Secret

Det er også ønskjeleg med

  • leiarutdanning
  • god kjennskap til partssamarbeid etter Hovedavtalen i Staten
  • god kompetanse innan innovasjon og bruk og utvikling og av teknologi i det daglege arbeidet
  • erfaring/utdanning innan etterretning
  • erfaring frå å handtere media

Personlege eigenskapar
  • empatisk, god på relasjonar, kommunikasjon og samarbeid
  • inspirerande/motiverande leiarstil
  • fagleg og personleg integritet og høge etiske standardar
  • god evne til å tenke heilskapleg, langsiktig og strategisk
  • god evne til å organisere og fordele arbeid
  • stødig og god vurderings- og avgjerdsevne
  • løysingsorientert med god gjennomføringsevne

Motivasjon og personlege eigenskapar vil bli vektlagt i rekrutteringsprosessen. Du må ha dei personlege eigenskapane som ei tryggingstjeneste krev. Profesjonalitet, pålitelegheit, lojalitet og dømmekraft er nøkkelomgrep i denne samanhengen. Som tilsett i ein beredskapsorganisasjon er det forventa det at du er fleksibel og villig til å yte ekstra når situasjonen krev det.

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her .


Dette kan vi tilby om du vel oss
  • ei utfordrande og meiningsfull stilling for deg som vil vere med på å utvikle PST og Møre og Romsdal politidistrikt
  • fast stilling som politiinspektør (stillingskode 0290) med årslønn på kr. 1 200 000 til kr. 1 250 000. For særskilt kvalifisert søkjar kan noko høgare lønn vurderast. Særavtale for leiarar med uregulert arbeidstid gjeld for stillinga.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordninger. Les meir på www.spk.no . Det blir trekt to prosent fra lønna til innskot i Statens pensjonskasse.
  • fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
Get your free, confidential resume review.

or drag and drop your file here.

Similar jobs

Similar jobs worth comparing

Driftseiningsleiar
Driftseiningsleiar

Møre og Romsdal Politidistrikt • Ålesund, Kristiansund

On-site
NOK 1,200,000 - 1,250,000
Statens pensjonskasse
Fleksibel arbeidstid
Trening i arbeidstida
+1
Sikkerhetsrådgiver
Sikkerhetsrådgiver

Politiets sikkerhetstjeneste • Oslo

On-site
NOK 600,000 - 900,000
Sikkerhetsrådgiver
Sikkerhetsrådgiver

Bjørn AS • Oslo

On-site
NOK 600,000 - 900,000
Fleksitid
Trening i arbeidstiden
Gode låne- og pensjonsordninger
Seksjonsleder
Seksjonsleder

Øyvind Aas • Drammen

On-site
NOK 864,000 - 1,056,000
Gode arbeidsbetingelser
Pensjonsordning i Statens pensjonskass
Politistasjonssjef
Politistasjonssjef

Bernt Mushom • Skjolnes

On-site
NOK 920,000 - 960,000
Gratis parkering
Pensjonsordninger
Dagtidsordning
Tenesteplanleggjar
Tenesteplanleggjar

Jan Magnar Sandvik • Ålesund

On-site
NOK 600,000 - 735,000
Fleksibel arbeidstid
Trening i arbeidstida
Bedriftshelsetjeneste & IA-bedrift
Seksjonsleder - Felles straffesaksinntak - 2. gangs utlysning
Seksjonsleder - Felles straffesaksinntak - 2. gangs utlysning

Ole Sølvik • Tønsberg

On-site
NOK 864,000 - 1,056,000
Lønnsnivå som politiinspektør (kr 960
Statens pensjonskasse
Gode arbeidsbetingelser
Tenestestadsleiar Høyanger
Tenestestadsleiar Høyanger

Spørsmål om elektronisk søknad/ CV • Høyanger

On-site
NOK 800,000 - 860,000
Pensjonsordning
Egersund politistasjon - seksjonsleder forebyggende og patrulje
Egersund politistasjon - seksjonsleder forebyggende og patrulje

Saleem Rana • Egersund

On-site
NOK 860,000 - 1,052,000
Pensjonsordning med Statens PensjonskK
Gode arbeidsbetingelser
Vikariat som seksjonsleder forvaltning
Vikariat som seksjonsleder forvaltning

Andrea Finjord Jenssen • Tromsø

On-site
NOK 890,000 - 950,000