A complete application in a minute — tailored resume and cover letter, ready to send.
Fjord1 AS i Hareid-Sulesund søkjer ein dekksjef til sambandet Hareid-Sulesund. Som dekkssjef får du ei sentral rolle om bord med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyr og operativ leing.
Du blir kapteinens stedfortredar og bidreg til trygg og effektiv drift i tråd med regelverk og beste praksis. Arbeidet gir bred erfaring med kai-manøvrering under utfordrande verforhold og høgt tempo.
Stillingstittel Dekkssjef i sambandet Hareid - Sulesund, p.t. MF Giskøy
Som dekkssjef vil du ha ei sentral rolle om bord, med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyr og operativ leiing. Du vil vere kapteinens stedfortredar og bidra til at drifta går trygt, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk og beste praksis. Arbeid om bord gir brei erfaring med manøvrering til og frå kai under utfordrande værforhold, stor trafikk og høgt tempo. Denne kombinasjonen gjer at ein utviklar verdifull kompetanse i samarbeid, raske vurderingar og trygg handtering under press - erfaringer som er nyttig i vidare arbeid til sjøs.
Fjord1 har ledig stilling som dekkssjef i sambandet Hareid - Sulesund, p.t.trafikkert av vår flotte elektriske ferje MF Giskøy.
Arbeidstidsordning er 2 veker på/1 veke fri, 2 veker på/3 veker fri.
Som dekkssjef vil du ha ei sentral rolle om bord, med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyr og operativ leiing. Du vil vere kapteinens stedfortredar og bidra til at drifta går trygt, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk og beste praksis. Arbeid om bord gir brei erfaring med manøvrering til og frå kai under utfordrande værforhold, stor trafikk og høgt tempo. Denne kombinasjonen gjer at ein utviklar verdifull kompetanse i samarbeid, raske vurderingar og trygg handtering under press - erfaringer som er nyttig i vidare arbeid til sjøs.
Søkar må bu lokalt.
Ein flott jobb å kombinere med familieliv og fridtid!
Vi ser etter ein dyktig dekkssjef med forståelse for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team. Du må kunne handtere krevande situasjoner, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Sigrunn Hellebust, Rekkrutteringsmedarbeider, sigrunn.hellebust@fjord1.no
Hareid-Sulesund
6060
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 5171804419
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.09.2026
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.