Turn this role into an interview — a resume and cover letter built around what this employer wants.
Fjord1 søkjer no etter ein dekkssjef til sambandet Arsvågen–Mortavika, t.p. MF Raunefjord. Arbeidsordninga er dagskift, 2 veker på og 2 veker fri, med ei arbeidsveke på 85 timar. Om bord blir du kapteinen sin stedfortredar og har ansvar for dekksavdelinga og navigasjonsutstyret.
Du vil bidra til trygg og effektiv drift i tråd med gjeldande regelverk, og få brei erfaring i manøvrering og ledelse under variert vêr og stor trafikk. Oppstart i november er ønskt.
Vi søker no etter ein dekkssjef til sambandet Arsvågen–Mortavika, p.t. MF Raunefjord.
Arbeidsordninga er dagskift, 2 veker på og 2 veker fri, med ei arbeidsveke på 85 timar. Du kan reise heim etter endt vakt, men det er og mogleg å bu om bord dersom du ønsker det. Dette er ei ordning som gir god balanse mellom jobb, familieliv og fritid.
Som dekkssjef vil du ha ei sentral rolle om bord, med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyret og operativ leiing. Du vil vere kapteinen sin stedfortredar og bidra til at drifta går trygt, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk og beste praksis. Arbeid om bord gir brei erfaring medmanøvrering til og frå kai under utfordrande værforhold,stor trafikkoghøgt tempo. Denne kombinasjonen gjer at ein utviklar verdifull kompetanse innan samarbeid, raske vurderingar og trygg handtering underpress - erfaringar som er nyttige i vidare arbeid til sjøs.
Ønskeleg med oppstart i november.
Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande.
Søknadsfrist:
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land.Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.