Stand out for this role — generate a tailored resume and cover letter in about a minute.
Fjord1 AS i Arsvågen/Mortavika søkjer ei erfaren dekkssjef/overstyrmann til å leie dekksavdelinga og navigasjonsutstyret om bord. Stillinga er fast heiltid i 100% stilling med 2 vekers skift, 2 vekers fri, og ei arbeidsveke på 85 timar.
Du blir kapteinen sin stedfortredar og ansvarleg for drift, opplæring og regelverk. Om bord får du brei erfaring i manøvrering under press og samarbeid i eit maritimt team.
Dekkssjef i 2:2 turnus Maritim Drift, Fjord1 AS
Vi søker no etter ein dekkssjef til sambandet Arsvågen–Mortavika, p.t. MF Raunefjord.
Arbeidsordninga er dagskift, 2 veker på og 2 veker fri, med ei arbeidsveke på 85 timar. Du kan reise heim etter endt vakt, men det er og mogleg å bu om bord dersom du ønsker det. Dette er ei ordning som gir god balanse mellom jobb, familieliv og fritid.
Som dekkssjef vil du ha ei sentral rolle om bord, med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyret og operativ leiing. Du vil vere kapteinen sin stedfortredar og bidra til at drifta går trygt, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk og beste praksis. Arbeid om bord gir brei erfaring med manøvrering til og frå kai under utfordrande værforhold, stor trafikk og høgt tempo. Denne kombinasjonen gjer at ein utviklar verdifull kompetanse innan samarbeid, raske vurderingar og trygg handtering under press - erfaringar som er nyttige i vidare arbeid til sjøs.
15.09.2026
Fjord1 AS
Dekkssjef/overstyrmann - Arsvågen-Mortavika p.t. MF Raunefjord
1
Heiltid
Fast
100
Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar.
Vi leiter etter ein erfaren og dyktig dekkssjef/overstyrmann med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevande situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Adresse: Arsvågen ferjekai, E39, 5561 Føresvik, Norge
Mortavika Ferjekai
E39
4150 Rennesøy
Norge
Rekrutteringsmedarbeider
Telefon: 47887896
E-post: benedicte.ellingsen@fjord1.no
Ute på kysten og inne i fjordane skjer det noko kvar dag. Folk skal fram. Varer skal fram. Samfunn skal fungere. Vi i Fjord1 er ein stolt del av dette. Kvar dag sørger vi for trygge, stabile og stadig meir berekraftige samband – mellom menneske og stader, mellom by og land. Vi kan ferje. Hurtigbåt. Reiseliv. Og ja – vi kan kiosk og svele òg!
Hos oss blir du ein del av eit stort og dyktig fagmiljø der ansvar, samarbeid og stoltheit står sterkt, enten du jobbar på sjøen, i byggjetilsyn, på kontoret eller i kontrollsenteret.
Fjord1 har lenge vore ein pådrivar i det grøne skiftet i den maritime næringa. No treng vi fleire som vil vere med å tenke nytt, lære og utvikle seg saman med oss. Her får du påverke, bidra og vekse. Vi heiar på initiativ, utvikling og mangfald.
Med ei lang stolt historie langs kysten og kontor i Florø, Bergen og Molde er vi tett på både naturen, lokalsamfunna og oppgåvene våre. Saman med over 1100 kollegaer har vi ein arbeidsplass prega av tillit, innovasjon og moglegheiter.