Una candidatura completa in un minuto
Curriculum e lettera di presentazione personalizzati, pronti da inviare.
Stiftinga Nærøyfjorden verdsarvpark i Vestland søkjer ein engasjert og utviklingsorientert dagleg leiar som kan vere med å styrkje samspel mellom vern og verdiskaping i regionen.
Du vil følgje opp parkplan og strategiar, ha budsjettansvar og byggje sterke partnerforhold med kommunar, næringsliv, grunneigarar og offentleg forvaltning.
Vestnorsk fjordlandskap vert rekna som eit av dei mest dramatiske og spektakulære landskapa i verda, med nokre av dei lengste, djupaste, smalaste og vakraste fjordane.
Lokale handverkstradisjonar og lokale råvarer som vert foredla her er verdiskaping av finaste sort.
Med verdsarvstatus og fleire verdifulle verneområde er naturen her ekstra viktig å ta vare på.
Nærøyfjorden Verdsarvpark vart skipa som ei stifting i 2008.
Utviklingsarbeid, skjøtsel og restaurering bidreg til å ivareta verdsarven og lokal kultur.
Verdsarvparken skal vera eit fyrtårn og ein pådrivar med verdsarv som kvalitetsplattform.
Vil du vere med og utvikle eitt av dei mest spektakulære verdsarvområda i verda?
Nærøyfjorden verdsarvpark søkjer ein engasjert og utviklingsorientert leiar som vil vere med å styrkje samspelet mellom vern og verdiskaping i lokalsamfunna rundt fjorden.
Me søkjer ein leiar som kan kombinere strategisk utviklingsarbeid med praktisk gjennomføring, og som evnar å byggje sterke partnarskap på tvers av kommunar, næringsliv, grunneigarar og offentleg forvaltning.
Verdsarvparken står framfor eit viktig utviklingssteg gjennom arbeidet med autorisasjon som verdsarvsenter.
Dagleg leiar vil ha ei sentral rolle i å bygge verdsarvparken videre.
Du vil spele ei sentral rolle i å følgje opp parkplan og strategiar, og i å utvikle gode samarbeid med partnarar og aktørar i regionen.
Stillinga inneber tett dialog med styret, samarbeidspartnarar og offentlege myndigheiter, og krev både strategisk og operativt arbeid.
Det er ein fordel med:
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt