Enable job alerts via email!
En lokal kommune søker en engasjert dagleg leiar til Mila aktivitetssenter i Treungen. I stillingen vil man lede og utvikle aktiviteter for brukere i et inkluderende miljø. Den ideelle kandidaten har høyere utdanning innen helse og sosialfag, samt gode samarbeidsevner. Stillingens arbeidsprosent er 70%, med mulighet for utvidelse til 100%.
Vil du vere med å vidareutvikle Mila aktivitetssenter? Nissedal kommune søker etter engasjert og målretta dagleg leiar i 70 % fast stilling. Stillinga er ledig frå 15. desember 2025.
Mila aktivitetssenter er ein inkluderande og kreativ møteplass for menneske med ulike behov, der aktivitet, fellesskap og meistring står i sentrum. Aktivitetssenteret ligg i Treungen og er ein del av Nissedal kommune si velferdsteneste. Som dagleg leiar får du ei nøkkelrolle i å vidareutvikle eit tilbod som gir brukarar av huset ein meiningsfull kvardag gjennom arbeid, sosialt samvær og tilpassa aktivitetar.
Hovudbrukargruppa ved Mila er bebuarar ved Kåsa bu- og avlastning. Du vil samarbeide tett med både brukarar, pårørande og fagpersonar for å sikre eit godt og heilskapleg tilbod. Mila har og eit lågterskeltilbod innanfor psykisk helse annakvar veke.
Det vil vere mogleg å auke stillinga opp mot 100 % ved å ta ei helg på Kåsa bu og avlastning.
Hild Riseth Fjone, avdelingsleiar helse
Treungvegen 398, 3855 Treungen
Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheiter innan fleire fagfelt.
Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.
Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.