Enable job alerts via email!
Boost your interview chances
En ledende bedrift ved Jotunheimen søker en engasjert daglig leder som vil være ansvarlig for helheten hos Brimi Sæter. Du får muligheten til å forme fremtiden for en destinasjon kjent for sine autentiske opplevelser, med ansvar for økonomisk styring, personalansvar og markedsføring.
Dagleg Leiar Brimi Sæter
Ved enden av Tessevatnet, med Jotunheimen som majestetisk bakteppe, ligg Brimi Sæter – ei levande seter og ei opplevingsperle for alle som set pris på gode og ekte opplevingar. Her driv vi gardsdrift med ost- og kjøtproduksjon, og vi foredlar det meste sjølve.
Vi brenn for lokal mat, formidling og ekte opplevingar – og inviterer folk til sæters for å oppleve noko av det mest genuine Noreg har å by på.
Brimi Sæter har dei siste 10 åra utvikla seg til ei solid bedrift og ein føretrekt destinasjon for mange.
No ser vi etter ein dagleg leiar som deler vårt engasjement – og som saman med engasjerte eigarar vil bidra til å utvikle Brimi Sæter vidare.
Som dagleg leiar får du ansvar for heilskapen – og å vera med å forme framtida vår. Du skal sikre økonomisk styring gjennom budsjett og kalkylar, ha personalansvar og sørgje for god rekruttering. Du skal planleggje og organisere produksjon, sesongdrift og arrangement. Nokre involvering i marknadsarbeid og sosiale medium er og aktuelt. HMS og IK-mat er også naturlege delar av rolla.
Stillinga rapporterer til styret. I høgsesong tel teamet om lag 25 medarbeidarar, medan 5–6 er faste gjennom året. Rolla er både operativ og strategisk, og du må vere strukturert og ha god oversikt, men også vere til stades. Vi trur at du er engasjert og god til å motivere og samle folk.
Kven ser vi etter?
Vi søkjer deg som har leiaringserfaring med personalansvar, kanskje også bakgrunn frå reiseliv eller opplevingsbasert verksemd.
Hjå oss får du:
Praktisk informasjon:
Brimi Sæter ligg idyllisk til i Brimiland – ved enden av Tessevatnet, eit steinkast frå Jotunheimen nasjonalpark.
Oppstart snarast, eller etter avtale.
Er du klar for utfordringa?
Hvis du kjenner deg att i beskrivinga, håpar vi du tek kontakt. Kanskje det er du som skal leia Brimi Sæter inn i neste kapittel!
Send søknad og CV via lenka på sida. For spørsmål om stillinga, kontakt Knut Nyhagen på tlf. 918 84277. For meir informasjon om selskapet, sjå https://brimi-seter.no.
Send søknad og CV via "Søk her" knappen.