A complete application in a minute
Tailored resume and cover letter, ready to send.
NAV Hjelpemiddelsentral Vestland i Førde søkjer ein controller som kan handtere økonomi og drift med fokus på budsjettering, prognosar og rapportering.
Stillinga gir samarbeid med leiarar, innkjøp og administrasjon, og tilbyr 100% fast stilling, fleksible arbeidstidsordningar og ei moderne, kompetent arbeidsmiljø
Vi ønskjer utdanning innan økonomi og administrasjon og vil tilby opplæring og utvikling, med hybride arbeidsløysingar som del av arbeidskvardagen.
Vi søker deg som ønsker å bidra til gode tenester og til NAV sitt viktige samfunnsoppdrag.
Vår controller går av med pensjon, og ved NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Førde har vi ledig ei fast 100% stilling som controllar med driftsoppgåver.
Du treng ikkje ha lang erfaring for å vere aktuell. Har du relevant utdanning innan økonomi og administrasjon, interesse for økonomistyring, analyse og verksemdsstyring, legg vi til rette for nødvendig opplæring og utvikling.
Som controllar blir du ein viktig støttespelar for leiarane våre. Du vil arbeide med budsjett, prognosar, rapportering og analysar. Stillinga omfattar òg oppgåver innan innkjøp, fakturahandtering, avtaleoppfølging og ulike administrative og driftsrelaterte oppgåver. Gjennom deltaking i nasjonale fagnettverk får du samarbeide med kollegaer frå heile landet og bidra til utvikling, læring og deling av erfaringar.
Du blir ein del av rådgjevingsavdelinga og får ein variert arbeidskvardag med stor innsikt i verksemda vår og tett samarbeid med både leiarar og kollegaer.
NAV Hjelpemiddelsentral Vestland, Førde har 36 tilsette og eit arbeidsmiljø prega av samarbeid, tillit og høg fagleg kompetanse.Saman arbeider vi for å gi brukarar, kommunar og samarbeidspartnarar gode tenester og løysingar som fremjar meistring, deltaking og sjølvstende.
NAV Hjelpemiddelsentral er eit ressurs- og kompetansesenter for hjelpemiddel og tilrettelegging. Vi er ein del av NAV Hjelpemiddel og tilrettelegging, med om lag 1 400 tilsette fordelt på 14 hjelpemiddelsentralar over heile landet.
Som controller vil du få ei viktig rolle i arbeidet med økonomi og drift ved hjelpemiddelsentralen. Du vil ha ansvar for oppfølging av fakturaer og rekneskap, utarbeide prognosar og rapportar, og bidra til god budsjettstyring og økonomisk oppfølging. Stillinga inneber òg oppfølging av innkjøp, avtalar og bestillingar. Vi ønskjer at du bidreg til å utvikle og forbetre rutinar, system og arbeidsmåtar, og er ein aktiv støttespelar for leiarane i arbeidet med planlegging, prioriteringar og ressursstyring. Samstundes vil du bidra til at den daglege drifta ved hjelpemiddelsentralen fungerer godt, og ta del i administrative og praktiske oppgåver ved behov. Andre oppgåver innen drift og administrasjon må også reknast med.
Krav til stillinga
Det er ønskjeleg at du har
Nav hjelpemiddel og tilrettelegging er i utvikling, og vi arbeider aktivt for å styrkje samarbeid og ressursutnytting på tvers av hjelpemiddelsentralane. Dette kan føre til at arbeidsoppgåver og ansvarsområde blir justerte i tråd med framtidige behov.
For å trivast hos oss bør du like å ha orden og oversikt, samstundes som du er fleksibel når nye oppgåver kjem på bordet. Du tek ansvar, finn løysingar og set deg raskt inn i nye ting. Vi treng ein som samarbeider godt med andre, byggjer tillit og skapar gode relasjonar. Du må også vere flink til å sjå samanhengar og forstå kva som er viktig for heile verksemda, ikkje berre ditt eige fagområde. Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt.
Bente Solheim,Controller,40620394,bente.solheim@nav.no
Inger Jorun Årseth,avdelingsleiar rådgjeving,95235287,inger.jorun.aarseth@nav.no
Steinavegen 12
6800Førde